I rundt 40 varmegrader skal VM-ryttarane gjennom 257 smertefulle kilometer før målgang på «The Pearl» i Doha. Rittet sendes på TV 2 og er straks i gang. Du kan få siste oppdatering her.
Alexander Kristoff trur på massespurt, men kor mange av spurtkanonene er i form etter ein unormalt lang sesong?
Fleire av dei norske har trua på at årets Tour de France-konge, Mark Cavendish, blir farleg. Men det gjør ikkje Kristoff-hjelpar Daniel Hoelgaard.
– Han har vore sjuk og er ute av form. Eg konkurrerte mot han i Paris-Tours før VM. Der var han veldig tung i tråkket, seier Hoelgaard, som listar opp følgande VM-favorittar.
Daniel Hoelgaards liste:
1. Alexander Kristoff
Sjølv om eg er norsk må eg seie det. Han har sett ekstremt sterk ut på trening, seier Hoelgaard.
2. Peter Sagan, Slovakia – regjerande VM-vinnar
Ryktene går om at han har vore sliten og er lei etter ein lang sesong der han har vunne alt. Eg har høyrt det frå folk i Tinkoff-systemet, men han han er regjerande VM-vinnar og har hatt ein eventyrleg sesong. Det går ikkje an å avskrive han.
3. John Degenkolb, Tyskland
Han køyrer bra i lange løp, og har ein fri rolle på det tyske laget. Han slo Alexander i Arctic Race tidlegare i år.
Alexander Kristoffs favorittliste:
1. André Greipel, Tyskland.
2. Mark Cavendish, Storbritannia
3. Alexander Kristoff
Outsider: Peter Sagan
– Han seier han er sliten, men ein skal ikkje ta alt han seier for god fisk.
Vegard Breens favorittliste:
1. Alexander Kristoff, Norge
2. Tom Boonen, Belgia
3. Nacer Bouhanni, Frankrike
Edvald Boasson Hagens favorittliste:
1. Mark Cavendish
2. Marcel Kittel/Greipel, Tyskland
3. Alexander Kristoff
Vegard Stake Laengens favorittliste:
1. Alexander Kristoff
2.André Greipel
3, Mark Cavendish
Truls Engen Korseths liste:
1. Alexander Kristoff
2. Mark Cavendish
3. ?
Sven Erik Bystrøms favorittliste:
1. Peter Sagan
2. André Greipel
3. Alexander Kristoff
Kristoffer Skjerpings favorittliste:
1. Alexander Kristoff
2. Mark Cavendish
3. Peter Sagan
Sondre Holst Engers favorittliste:
1. Peter Sagan
2. André Greipel
3. Marcel Kittel