Austerriske Julian Eberhard tok sin første verdscupsiger, og stod for dagens store overrasking på 10 kilometer sprint i russiske Khanty Mansisk.
Bak Eberhard blei det dobbelt tysk med Simon Schempp og Arnd Peiffer.
Valgte feil ski
VM-bakrusen sette verkeleg inn for dei norske løparane under dagens sprint iKhanty Mansisk.
FØRSTE SIGER: Julian Eberhard tok sin første verdscupsiger.
Foto: CHRISTOF STACHE / AfpDen beste norske løparen blei Johannes Thingnes Bø på 7. plass. Han bomma berre ein gong, men hadde for dårleg fart i sporet
– Eg følte meg bra, og jobba alt eg kunne gjennom heile løypa. No hadde eg kanonbra ski i heile VM, men ikkje so bra her.
Han er klar for å klatre oppover på listene i morgondagens jaktstart.
– Eg gledar meg til jaktstarten. Det er ti sekundar mellom kvar mann opp til toppen, so det gjeld berre å ta mann etter mann.
Også storebror Tarjei Bø bomma på valet av ski i dag. Han enda på 35. pass, nesten to minutt bak vinnaren, med tre bom.
– Det var seigt. Det er rart å sei på ein slik dag, men eg hadde bra trøkk i kroppen. Men eg bomma nok på val av ski.
Han trur at forskjellen på snøen i Russland kontra mellom-Europa er grunnen til smørebommen.
– Det er alltid vore sånn her i Khanty Mansisk. Det er vanskeleg å treffe med smøringa. Eg trur det er fordi det alltid er kaldt og snøen er tørr og fin. Det møter me sjeldan andre stadar, sjølv om me har det i Noreg.
Favorittane svikta
Ole Einar Bjørndalen fekk det heller ikkje til i dag. To bom på standplass, og over to minutt bak totalt. Det resulterte i 41. plass.
Det var plassen bak VM-kongen Martin Fourcade. Han skaut fire bom, og enda på 40. plass. Thingnes Bø trur at det er snakk om ei utlading etter VM
– Eg trur at Fourcade er utlada. Han var på sin del med premieutdelingar under mesterskapet, for å sei det sånn.