Hopp til innhold

VM-anlegga i Qatar: Må jobbe i 53 varmegrader

Norske inspektørar var med då arbeidstilhøva for jobbing på VM-anlegga i Qatar skulle granskast. Dei meiner det var i varmaste laget for fysisk arbeid.

Arbeidsforhold i Qatar

VARMT: Det er heitt i VM-landet Qatar midt på dagen

Foto: Harry Eide / Fellesforbundet

Først når termometeret bikkar 54 grader slepp arbeidarane i Qatar å gjere utandørs byggearbeid.

– Det er nok i meste laget sjølv for folk som er akklimatisert for varme, seier Harry Eide.

Han er verneombod, og har vore i Qatar saman med Geir Kåre Wollum i ein delegasjon frå det internasjonale bygningsarbeidarforbundet BIW for å granske tilhøva for arbeidarane.

Varmeproblem i Qatar

RAUDT FLAGG: Flaggsystemet på stadion skal regulere omfanget av arbeid i varmen

Foto: Harry Eide

I ein rapport frå organisasjonen Human Rights Watch for eit par veker sidan blir arbeidet i varmen kritisert. Det kan bli langt over 50 grader midt på dagen i Qatar. På den eller varmaste tida i sommar fekk dei innvilga tre timar pause midt på dagen, men det er ikkje nok, meiner HRW.

Flaggsystem for jobbing i varme

Det er dei norske inspektørane langt på veg samde i.

– Dei har utvikla eit system med grøne, gule, oransje og raude flagg som skal vise kor farleg det er å arbeide. Ved raudt flagg er utandørs arbeid forbode, men det blir ikkje vist før temperaturen er 54 grader.

  • Grønt flagg, inntil 31 grader: Arbeid som vanleg, men drikk vatn ofte
  • Gult flagg, 32-38 grader: Hyppige kvilepausar og drikkepausar
  • Oransje flagg, 39-53 grader: Arbeidspausar, svært ofte ved fysisk krevjande arbeid
  • Raudt flagg, 54 grader og over: Stopp alt arbeid og trekk arbeidarane vekk frå varmen
Stadion i Qatar

OVERRASKANDE BRA: Stort sett er det bra forhold på VM-anlegga, meiner inspektørane. - Andre anlegg vi såg, hadde vi kravd stengt på dagen, seier dei

Foto: Harry Eide / NRK

Positivt overraska

Men elles var utsendingane positivt overraska over mykje av det dei såg på dei to VM-anlegga dei inspiserte.

– Kan det vere slik at tryggingstilhøva blir litt slakkare etter at inspektørane har reist og søkelyset er borte?

– Nei, vi har god grunn til å tru at den praksisen vi såg, er der også etterpå, seier Geir Kåre Wollum.

– Det kan ikkje vere tvil om at det internasjonale søkelyset som er sett på arbeidstilhøva ved bygginga av VM-anlegga har gitt resultat, seier Eide, som også hadde følgje av Geir Kåre Wollum frå Norsk Arbeidsmannsforbund til Qatar.

For det er ved VM-anlegga forholda er akseptable, ikkje i landet elles, meiner Eide.

– Vi køyrde frå sentrum av Doha og ut til to av anlegga. Det vi såg frå bilvindauga langs vegen, var ikkje bra. Eg har inspisert nokre anlegg i mitt liv, og er ikkje i tvil om at eg hadde stengt på dagen dei vi såg på vegen ut til stadion-anlegga, seier Eide.

Opp mot 90 prosent utanlandske arbeidarar, og rapportar om arbeidsforholda deira har vekt kritikk og avsky over heile verda. Men Eide strekar under at løns- og butilhøva ikkje var det dei granska.

– Vår oppgåve var å sjekke miljø og tryggingsforhold på sjølve arbeidsplassane. Og eg må vedgå at ut frå den kritikken vi har høyrt og lese, var vi overraska over at det stod så godt til, seier Eide.

VM i 2022 er flytta frå det tradisjonelle tidsrommet i juni/juli til november desember på grunn av den ekstreme varmen i Qatar.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal