Ho er heilt usamd i dommen, og ankar den til idrettens internasjonale høgsterett CAS.
– Dersom dommen og utestenginga blir ståande, er det urettferdig. IOC har teke ei avgjerd som er grunnlaus, seier Romanova til det russiske telegrambyrået Tass.
– Eg vil heller kaste sølvmedaljen enn å returnere han til IOC, seier Romanova.
Ho var på laget som tok sølv i stafetten i Sotsji i 2014. Men ut frå det som har kome fram i den såkalla McLaren-rapporten har ho vore blanda inn i utstrekt juks med dopingprøver, og er derfor både diska frå Sotsji-OL og utesteng frå framtidige OL.
Både Romanova og Olga Vilukhina – den andre skiskyttaren som blei diska og utestengd i går – har lagt opp, men er likevel utestengde frå alle konkuransar av det internasjonale skiskyttarforbundet.
Kan gi norsk sølv – fire år etter
Heile det russiske stafettlaget mister dermed medaljen.
Det betyr at om dommen blir ståande, rykkjer Norge opp frå bronse til sølv. Det bryr ikkje Tiril Eckhoff seg om.
– Det er snart fire år sidan. No er det eit nytt OL å konsentrere seg om, seier ho.
Eckhoff håpar IOC har teke ei rett avgjerd. – Det er vanskeleg for oss å vite. Det er litt kryptisk det heile.
– Dei russiske utøvarane eg kjenner, kan eg ikkje tru har dopa seg, seier Eckhoff. – Eg håpar russarane får konkurrere i komande OL på lik linje med oss.
19 russarar mister OL-plasseringa
– Eg har blitt testa både av WADA (det internasjonale antidopingbyrået) og RUSADA (det russiske antidopingbyrået) mange gonger, seier Romanova.
Ho var ein av fem utøvarar som i går blei fråtekne OL-medaljane. I alt har 19 russiske utøvarar blitt utestengde og strokne frå resultatlistene etter OL i 2014.
I tida etter OL har ho vist medaljen og fortalt til unge russiske talent om sine opplevingar og om det som krevst for å gå til topps.
– Det vil eg halde fram med. Eg vil fortelje om kva oppleving eg hadde då Olga Vilukhina (som også er dømd i IOC, red. merk.) kryssa mållinja og medaljen var sikra, seier ho.