Hopp til innhold

Vil ikkje vere favoritt i kveld

– Vi er ikkje favorittar, vi er eitt av tre lag som kan vinne, seier Alexander Stöckl før laghopprennet i kveld. Arne Scheie er rykande usamd.

Stöckl og Jacobsen

Verken Alexander Stöckl eller Anders Jacobsen vil vere med på at Norge er storfavoritt i kveld

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Eg trur aldri Norge har hatt større sjanse til å vinne ein lagkonkurranse i hopp, seier kommentator-veteranen. – Vår største konkurrent Austerrike er heilt borte for tida.

Dei norske hopparane imponerte stort i Wisla onsdag, der Anders Bardal vann og Rune Velta vart nummer tre. Dei tradisjonelle hovudutfordrarane frå Austerrike fekk det ikkje til.

– Vi gler oss til rennet. Vi har gode sjansar til å kjempe i toppen, seier Stöckl til NRK.no. Han er i storhumør etter suksessen i Wisla.

– Sjanse til pallplass

Arne Scheie

Men Arne Scheie meiner Norge er større favoritt enn nokon gong før

Foto: Mattis Folkestad / NRK

Han er ikkje like sikker som Scheie på at hans lag er storfavoritt. Snarare tvert imot.

– Dersom gutane klarer å hoppe like godt som dei har gjort dei siste to vekene, har vi sjansen til ein pallplass, seier Stöckl beskjedent.

Stöckl – som sjølv er frå Austerrike – er ikkje heilt sikker på kvifor dei austerrikske hopparane har gjort det så svakt i dei siste renna. Bortsett frå Gregor Schlierenzauer som vann hoppveka, har dei austerrikske hopparane hamna langt nede på listene.

– Dei har hatt ein formsvikt og slit nok med sjølvtilliten etter hoppveka. Men dei vil kome sterkt tilbake. Schlierenzauer var sjuk på onsdag, men så vidt eg veit, er han tilbake allereie fredag.

Utfordring: Å bevare storformen til VM

Det er framleis over ein månad att til VM, som er det store målet for sesongen. Oppgåva er å halde på den fine formen.

– Det viktig å finne ut kor mange konkurransar kvar skal hoppe i veene som kjem. Dei må også ha god tid til rekreasjon og fysisk trening mellom konkurransane. Det er vår største utfordring no, seier landslagssjefen.

Det kan bety at ikkje alle dei beste kjem til å stille opp i alle renn den komande månaden.

– Skal de reise til Japan?

– Ja, det skal vi, men laget er ikkje teke ut. Det skal vi gjere etter hopprenna her i Zakopane, seier Stöckl.

Kvaliken avlyst

Han er ikkje uroleg for hopprenna i den polske skimetropolen, sjølv om kvalifiseringa torsdag bles bort. Det er varsla betre vêr frå fredag, med mindre vind, men kanskje litt snø.

– Torsdag var det for farleg å hoppe i vinden. Det var heilt rett å avlyse, seier han.

Jacobsen i toppform

Anders Jacobsen var ikkje heilt heldig i Wisla, men avviser at det er ein reaksjon etter utladinga i hoppveka. Der vart han berre slått av Schlierenzauer etter å ha vunne to av renna. Jacobsen er klar for å kjempe vidare om topplasseringane.

– Første hoppet mitt i Wisla var eit ok skihopp, men vinden øydela mykje. Det andre hoppet var ikkje noko sers. Men eg har på ingen måte fått nokon negativ reaksjon, eg er framleis i form, seier Jacobsen, som slår fast at han gleder seg til renna i helga.

– Eg kosar meg i bakken eg, og skulle gjerne hoppa kvar dag.

Om laghopprennet fredag meiner han Norge bør kjempe om sigeren.

– Vi er eitt av tre sterke lag som kan vinne, seier Jacobsen.

Siste nytt

  • Sjokkseier for Norris – slo Verstappen i Miami

    Lando Norris tok sin første Grand Prix-seier i Formel 1 da han vant søndagens løp i Miami foran verdensmester Max Verstappen.

    – Jeg elsker dere alle, jeg elsker dere, utbrøt en ekstatisk Lando Norris på lagradioen, sendt på Viaplay.

    Den 24-årige britiske McLaren-føreren hadde en rask bil og leverte ypperlig kjøring. Han hadde også hellet på sin side da Logan Sargeant forsvant ut av løpet og han fikk et gratis depotbesøk mens sikkerhetsbilen var ute.

    For på 29. runde krasjet Kevin Magnussen med den amerikanske hjemmefavoritten Logan Sargeant, som forsvant ut av løpet, og sikkerhetsbilen måtte ut. Det gagnet Norris, som etter å ha hatt femte startspor var i ledelse og kjørte meget raske rundetider.

    Han avverget Verstappens forsøk på å passere rett etter omstarten, og så kjørte Norris fra VM-lederen.

    Norris vant klart foran Red Bull-fører Verstappen, med Ferrari-duoen Charles Leclerc og Carlos Sainz på de neste plassene.

    8XyRO3I6Vyo
    Foto: AFP
  • Fire Reiten-mål (!) da Chelsea knuste Bristol City 8-0

    Guro Reiten scoret fire ganger og la opp til to mål da Chelsea knuste Bristol City 8-0 i siste hjemmekamp under manager Emma Hayes.

    Med sitt målshow sendte hun Chelsea inn i gullkampen igjen for fullt. Laget er tre poeng bak serieleder Manchester City med en kamp mindre spilt, og nå med bedre målforskjell.

    (NTB)

    Britain Soccer Women's Super League
    Foto: Adam Davy / AP
  • Moi-dobbel da FCK vant

    Mohamed Elyounoussi scoret de to første målene da FC København slo Silkeborg 3-0 i dansk superliga. Nå er laget bare ett poeng bak serieleder Brøndby.

    Brøndby tapte 2-3 borte for Midtjylland tross en scoring av Ohi Omoijuanfo. Det gjør at det er svært jevnt i gullkampen. Ett poeng skiller mellom de tre første, og tre mellom de fire første, når fire serierunder gjenstår.

    (NTB)

    Mohamed Elyounoussi
    Foto: PAUL ELLIS / AFP

Sendeplan

Kl. Program Kanal