Har du høyrt om synkron-kunstløp?
Troppar på mellom åtte og 20 kunstløparar skal danse seg gjennom eit program så kunstnarleg og elegant – og synkront – som mogeleg. Flyt og fotarbeid er det viktigaste. Det er halde VM i øvinga heilt sidan 2000.
Det bør bli OL-øving i Beijing i 2022, meiner det internasjonale skøyteforbundet.
Alle vinteridrettsforbunda har sendt inn forslag til IOC til nye øvingar dei meiner bør inn på konkurranseprogrammet i OL i den kinesiske hovudstaden om fire år, melder insidethegames.biz.
Lang liste
Lista er lang, men nålauget inn til eit allereie tettpakka OL-program er trongt.
Har til dømes aking i naturbane sjanse til å bli OL-øving? For å ta aking tilbake til røtene? Slik kan det sjå ut (ekstern lenke).
Kombinert er den einaste øvinga på OL-programmet som framleis er berre for menn. Men Det internasjonale skiforbundet (FIS) foreslår at det skal innførast kvinneklasse frå 2022.
Blant forslaga som IOC skal ta stilling til, er desse:
- Kombinert for kvinner
- Synkron-kunstløp
- Aking på naturbane
- Fleire andre akeøvingar: Double for kvinner, og sprint for menn, kvinner og double
- Miks-konkurranse i hopp
- Miks-single-stafett i skiskyting
- Ny lagkonkurranse i bob
- Miks-konkurransen i curling blir utvida frå 8 til 16 lag
Skal vurdere mer ski
På kongressen i mai skal FIS vurdere å be om at endå fleire skiøvingar skal inn på OL-programmet.
Sprint og parallellsprint i telemark er på den lista. Men truleg siktar FIS seg inn på endå seinare OL med det forslaget, ifølgje insidethegames.
IOC skal ta stilling til Beijing-programmet i juni i år.
Beijing-arrangørane har allereie sagt at ingen nye idrettar skal leggast til, samanlikna med årets OL i Pyeongchang.
Det betyr at idrettar som bandy, isklatring og fjellkøyring på ski ikkje er aktuelle.