Vil ha bandy-VM utan Russland
Sverige håpar å arrangere eit etterlengta VM i bandy i 2023. Det blir i så fall utan russisk deltaking.
VM i bandy for menn har ikkje vore avvikla sidan i 2019. Pandemien og Russlands krigføring i Ukraina har stoppa arrangementet dei siste åra.
No jobbar Sverige med å arrangere eit VM i 2023. Til den meisterskapen blir likevel ikkje regjerande meister Russland invitert, skriv SVT. Planen er i staden at Finland, Noreg, Kasakhstan, USA, Tyskland, Estland og Ungarn skal utgjere deltakarnasjonane.
Helt uproblematisk er det likevel ikkje å arrangere eit VM utan Russland. Landet har lenge hatt mykje å seie i internasjonal bandy, mellom anna i form av fleire styrerepresentantar i Det internasjonale bandyforbundet (Fib).
Pär Gustafsson, generalsekretær i Det svenske bandyforbundet, seier likevel at eit 2023-VM i Sverige uansett vil få offisiell status.
– Det blir eit VM akkurat som alle andre, fullt sanksjonert internasjonalt. Det ville bety veldig mykje om VM blir arrangertt, då det vil vise at bandyen fungerer trass i verdssituasjonen, seier han til den svenske allmennkringkastaren.