Premier League vurderer å skrinleggje fleire rundar av FA-cupen og fjerne ligacupen heilt for klubbar som speler i europeiske turneringar.
På eit aksjonærmøte for Premier League onsdag skal eit nytt forslag, som kan tre i kraft allereie i sesongen 2024/25, bli diskutert, ifølgje The Times.
Det nye forslaget skal ønske å fjerne tredje og fjerde runde av FA-cupen, i tillegg at ligacupen berre skal spelast for dei klubbane som deltek i Champions League, europaligaen eller conferanseligaen.
Forslaget inneheld også fleire kalenderendringar som ein del av ein avtale om å dele ut ekstra pengar til meisterskapsserie-klubbar og lag i dei lågare divisjonane i England, og dessutan endre utbetalingane laga får når dei rykkjer ned frå Premier League.
Årsaka er at Premier League ønskjer å frigjere plass i det tette kampprogrammet, medan meir pengar vil strøyme ned til dei lågare divisjonane i England.
Daiki Hashimoto leverte under press i siste apparat da Japan gjenerobret lagtittelen i turn-VM mindre enn ti måneder før OL i Paris.
Hashimoto er regjerende OL-mester i individuell mangekamp og i svingstang. Nettopp svingstang var siste apparat for Japan i lagfinalen. Kina hadde lagt press på japanerne med ypperlige prestasjoner i ringer, men Hashimoto svarte med en sterk gjennomføring og satte landingen. Japan kunne juble for gull 1,80 poeng foran tittelforsvarer Kina.
Japanerne var best i bøylehest, skranke og svingstang, nest best i sprang, tredje best i ringer og fjerde best i frittstående. Hashimoto (5 apparater), Kazuma Kaya (5), Kenta Chiba (4), Kazuki Minami (2) og Kaito Sugimoto (2) fikk til sammen 255,594 poeng.
Kina tok sølv med 253,794 og USA bronse med 252,428. (NTB)
Berge-assist da Burnley tok sesongens første seier
Sander Berge leverte en assist da Burnley tok sin første trepoenger i Premier League med 2-1 i hengekampen mot Luton.
Berge sto for forarbeidet da Lyle Foster scoret et fortjent ledermål på overtid i første omgang. Luton presset hardt for utligning den siste halvtimen og fikk den ved Elijah Adebayo i det 83. minutt, men ett minutt senere ble innbytter Jacob Bruun Larsen matchvinner for gjestene med et kjempeskudd.
– Tre poeng i Premier League, det føles fantastisk. Vi måtte kjempe for det, og jeg er stolt av laget for det de viste i dag, sa manager Vincent Kompany til BBC.
– Vi viste de kvalitetene som ga oss opprykk forrige sesong. (NTB)
Manchester United rota bort leiinga to gonger og tapte 2-3 mot Galatasaray i kveldens meisterligaoppgjer. To mål frå danske Rasmus Højlund (20) var ikkje det nok til å redde Erik ten Hag og United ut av ei stadig djupare krise.
– Vi har fått ein dritstart i nesten alle turneringar. Vi må samle oss, sjå kvarandre djupt i auga og så skal vi komme ut av dette saman, sa Højlund til TV 2 etter kampen.
For tyrkarane kunne reise heime med alle tre poenga etter ein til tider kaotisk kamp på Old Trafford, som inneheldt både raudt kort og straffebom.
– No er Manchester United i «deep shit», kommentert Simen Stamsø-Møller på TV 2 si sending.
Raudtrøyene fekk ein pangstart på kampen, då den danske målsniken sende heimelaget i leiinga med panna etter 17 minutt. Innlegget går frå Casemiro til Marcus Rashford som sender ballen presist til Højlund framfor mål.
Gjestane frå Tyrkia slo raskt og effektiv tilbake. Den tidlegare United-spelaren Wilfried Zaha får eit hjarteleg gjensyn med Old Trafford og utliknar fem minutt seinare. Han feirar med å setje hendene til øyra framfor heimepublikumet.
Men dette så lenge ut til å bli United sin danske dreng sin store kveld. Først får han eit mål annullert for offside etter sidebyte. Minutta seinare kjem han på ei kontring. Iskaldt lempar han ballen over Fernando Muslera i målet til Galatasaray og United jublar for 2–1.
Som i første omgang får ikkje heimelaget behalde leiing veldig lenge. Kerem Aktürkoglu utliknar for Galatasaray berre minutta etterpå.
Og verre skulle det bli. Gjestane får straffe etter at Casemiro klippa ned Dries Mertens i eigen boks. Med to gule kort blir Casemiro sendt i garderoben.
United blir i første omgang redda av at Mauro Icardi bommar på mål.
Men han får sin revansj like etterpå.
Leverer ein lekker chip frå 15 meter i møtet med Onana, og sender Galatasaray-fansen til himmels.
Erik ten Hag og United står dermed utan poeng etter to kampar. Galatasaray tar 2.-plassen i meisterligaens gruppe A bak Bayern München som slo FC København 2–1 i Parken i kveld.
Sendeplan
Kl.
Program
Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay
01:16