– Toblach peikar seg vel ut som reservearena. Dei hadde verdscup under gode forhold førre helg og skal eigentleg berre ha ein etappe, seier leiar i langrennskomiteen i FIS, Vegard Ulvang.
Må ha vêromslag
Tyske Oberstdorf skal etter planen arrangere den fjerde og femte etappen av årets Tour de Ski.
Men slik det ser ut nå ser det svært mørkt ut. Julaftan skal det vere heile elleve varmegrader og betre blir det heller ikkje betre på nyttårsaftan. Tolv plussgrader og vind er langt frå ideelle forhold for snøproduksjon.
– Me arbeidar for fullt, men manglar kuldegradar og snø, seier Stefan Huber, leiar i Oberstdorf-komiteen til FIS.
Årets Tour de Ski startar i sveitsiske Lenzerheide 1. januar. Der skal det arrangerast tre etappar, før touren etter planen skal flytte seg til Tyskland og Oberstdorf.
– Skjebnen blir endeleg avgjort i morgon, men vêrmeldingane lovar ikkje akkurat veldig bra for Oberstdorf, seier Vegard Ulvang, leiar i langrennskomiteen i FIS.
Vegard Ulvang fortel at arrangørane har ein del kunstsnø på lager, men at dei no berre har ein fjerdedel av snømengda dei treng.
Kan bli fleire etappar i Toblach
I VM-byen frå 2005 står 20 og 10 kilometer fellesstart med skibyte og klassisk sprint på programmet. Men må dei to etappane flyttast, kan det bli endringar på etappane.
For blir det eit lengre opphald i den italienske landsbyen ved Dolomittene, er det tvilsamt om det blir fellesstart.
– Det kan nok bli endringar på distansen. Toblach har ikkje veldig breie løyper og det spørst om dei kan arrangere fellesstart. Men alt kjem til å bli avgjort på eit møte i morgon, seier Ulvang til NRK.
Starten i Lenzerheide og slutten i Val di Fiemme er ikkje i fare. Der er det bra med snø og løypene er klare. Men i Oberstdorf er dei heilt avhengige av vêromslag for å få arrangert dei to etappane. Det fekk dei i fjor, da renna også var i fare.