– Det er to super talent. Dette er framtidas sprintarar. Det var viktig for oss, det er dei to som representerer den nye generasjonen sprintar, seier stemnedirektør for Bislett Games, Steinar Hoen.
Andre De Grasse (22) frå Canada og amerikanske Trayvon Bromell (21) møtes til 100 meter duell på Bislett 9. juni. Dei to delte bronsemedaljen under 100 meter finalen under VM i Beijing, då dei hadde akkurat same tid.
Bromell vart nyleg verdsmeister på 60 meter under VM innandørs i Portland, USA.
Ingen Bolt i år
Tidlegare vart det kjend at Usain Bolt ikkje stiller på startstreken i årets Bislett Games.
– Vi skulle gjerne hatt med Bolt, men han kunne ikkje ta turen, seier Hoen.
Bolt skal delta i det jamaikanske meisterskapet i slutten av juni, og reiser derfor ikkje til Europa for å konkurrera før den tid.
Ein utøvar som alt er klar er Nederlandske Dafne Schippers som vann 200 meter for kvinner og sølv på 100 meteren under VM i Beijing i fjor.
Gatlin og Gay uønskte
Hoen omtalar De Grasse og Bromell som framtidas sprintarar.
– Det er to store talent som alt har gode resultat og vise til. Då vi ikkje fekk Bolt var det uaktuelt for oss å invitera Justin Gatlin, Tyson Gay eller andre utøvarar som er assosiert med doping, seier Hoen.
Hoen trur dei unge sprinttalenta, De Grasse og Bromell kan utfordra Bolt og dei andre sprintarane allereie i OL i år.
– Dei er begge såpass gode at eg ser ikkje vekk ifrå at dei kan slå Bolt og ta OL gull allereie i Rio seinare i år, seier Hoen som lovar å presentere fleire store namn i vekene framover.