– Det kjennest mykje betre i dag, sa Stjernen til NRK på flyplassen i Lahti før heimreisa frå Finland.
Då skulle han til MR-undersøking heime i Trondheim, og trudde sjølv at han berre var forslått i fallet. Det viste seg å vere rett.
– MR-en viste at Andreas er skadefri, seier fysioterapeut Tom Lindinger til NRK.
Stjernen fall under treninga før lagkonkurransen laurdag.
Dagen før skadde Danile André Tande kneet på trening. Også han er optimist. Han skal til MR-undersøking tysdag.
– Eg er sikker på at eg er klar til VM, seier Tande.
Han var tilbake etter sju-åtte månader med skade og sjukdom. Så skadde han kneet, og no blir det kappløp med tida om å få plass i VM.
– Kjedeleg, seier Tande om situasjonen.
– Kneet er ikkje smertefritt nok til at eg kunne hoppa. Men det går framover, seier Tande.
– Er du uroa over VM-utsiktene?
– Nei, ikkje enno. Eg kjenner meg nokså sikker på at eg har ein plass på laget.
Mister truleg Willingen
Komande helg er det verdscuprenn i Willingen. Det er eit ope spørsmål om dei to kan delta der, og om det får konsekvensar for VM-uttaket.
– Det hadde vore ein fordel å hoppe der, naturlegvis. Men eg meiner eg har levert så gode resultat i det siste at deltaking i Willingen ikkje bør vere avgjerande, seier Stjernen.
– Eg fryktar eigentleg ikkje for plassen, og trur nok eg er med i VM om eg blir frisk.
VM-vraking kan gi karriereslutt
– Om du ikkje kjem til VM, er det då fare for at du gir deg med hopping?
– Det kan hende. Men eg har ikkje tenkt på det før du spurde, sa Stjernen, som også var inne på tanken om å gi seg etter førre sesong.
– Sjansen er nok større for at eg legg opp etter denne sesongen enn etter fjorårssesongen, seier Stjernen.
Landslagssjef Alexander Stöckl skal ta ut 5 eller 6 hopparar til VM, som opnar i slutten av neste veke. Han er optimist på vegner av begge to, men avventar MR-undersøkinga.
– Er dei rimeleg sikre på VM likevel, dersom dei blir friske?
Stöckl nøler litt, så svarer han.
– Vi må sjå det litt an dag for dag. Det er lett å forhaste seg med spådommar og kommentarar, seier han.
Likevel går han langt i å gi Tande grønt lys.
– Daniel kan allereie no gå heilt vanleg, og han har vist god form og har høgt potensial. Det var på eit langt hopp han fall. Så om skaden ikkje er alvorleg, er det mest sannsynleg at han er med til VM.