– Det er vondt å sjå på når man gjerne skulle godt skirenn sjølv, men eg visste det var ikkje noko val. Eg var nøydd til å gjere nokon grep for å kome tilbake til den forma eg veit eg kan ha.
Birkeland har slite med forma og stod over verdscuprennet i Nove Mesto. I staden har han brukt tida til å kvile saman med nokon rolege treningsøkter. I dag fekk han svaret på at kvileperioden hadde gitt resultat, då han gjekk inn og vant NM-sprinten på Ål.
– Ja, eg føler det. Fått vist at eg er tilbake i rute. No vil eg sannsynlegvis ha progresjon og stigande kurve, i staden for fallande, så dette lovar bra, seier Birkeland til NRK.
Trass i at han vann med berre fire sekund føre veteranen Alexander Os, var alt anna enn siger godt nok for Birkeland på NM-sprinten på Ål laurdag.
– Det er klart det hadde vore litt synd om han vann i dag, så det var godt å ta han på siste runda.
Trøbbel med skistavane
Det skal seiast at Birkeland hadde trøbbel i sitt løp. Midtvegs i rennet mista han nemleg trinsene på båe skistavane sine. Dermed måtte han gå store delar av løpet med skistavar av ulik storleik. Det heldt likevel til mål, og truleg returbillett til verdscupsirkuset.
– Ja, sikker, vi får høyre med trenaren etterpå. Eg kunne ikkje gjere så mykje annan enn å vinne i dag, så sånn sett var det vel ein grei søknad.
Landslagssjef Egil Kristiansen lét seg også imponere over Birkeland sin innsats.
– Han har gjort ein god jobb etter at han drog heim frå Hochfilzen. Og han har gjort dei rette tinga, så det er tydleg at han er på rett veg. Så det er bra for Lars Helge med tanke på det som skjer vidare, seier ein løyndomsfull landslagssjef.
Det er venta at laget som skal gå verdscup i Oberhof blitt teke ut etter at NM på Ål er ferdig på søndag.