Hopp til innhold

Vålerenga-perle sikra seks på rad utan tap for Rekdal

Bodø/Glimt holdt på å stele alle poenga borte mot Vålerenga, men eit praktmål av Simen Juklerød sikra 1-1 og poengdeling.

juklerød

FEIRING: Simen Juklerød feirar med lagakameratane etter perleskåringa.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var eit viktig poeng, me skulle vunne kampen, men eit poeng skal me klare å leve med, seier Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal til NRK etter kampen.

Etter ein dårleg sesongopning har Vålerenga vist god form den siste tida. På dei siste seks kampane i eliteserien har dei vunne fire, og sanka totalt 14 poeng.

Det har ført dei til 10. plass på tabellen, etter å lenge ha vore under nedrykksstreken. I dag vart det 1-1 og uavgjort heime mot Bodø/Glimt, sjølv om alle poenga kunne blitt igjen i Oslo.

Overkøyring

I førsteomgang var Vålerenga heilt overlegne. Etter fem rotete opningsminuttar tok dei over alt som var av spel, og skapte mange gode sjansar.

Etter snaue halvtimen spel blei dei også snytt for straffe, då Vålerengas Kjetil Wæhler blei felt av Glimt-forsvarar Martin Bjørnbak.

– Det var eit soleklart straffespark som hadde gitt oss 1-0, seier Rekdal.

Men Vålerenga fortsette å dominere kampen, heilt til Bodø/Glimt fekk sin første store sjanse i det 43. minutt. Glimt kontrar, og slo ballen langt opp til Trond Olsen, som legg inn. Der sklir Fitim Azemi ballen inn i nettmaskene.

azemi

JUBEL: Bodø/Glimt kunne juble etter å ha skåra på sin einaste sjanse i 1. omgang.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

Det var ein tydeleg irritert Vålerenga-trenar Kjetil Rekdal som gjekk i garderoben.

Praktmål

Og då laga kom ut på bana igjen hadde Rekdal teke grep. Vajeba Sakor var bytta ut mot Henrik Kjelsrud Johansen, som skulle inn for å skape meir trykk framover for Vålerenga.

Men det var ein fantastisk enkeltprestasjon som sendte laga attende til start. For Simen Juklerød fekk nok ein gang vise fram den giftige venstrefoten sin. 22-åringen tok ned ballen 25 meter frå mål, såg opp, og limte ballen i krysset bak ein hjelpeslaus Sergey Pogorelyj i Glimt-målet.

– Eg fekk beskjed om å skyte, og so traff eg ganske bra. Eg er fornøgd med det valget, seier Juklerød.

Vålerenga var mindre dominerande enn før pause, og sleit med å sette preg på spelet. Begge lag hadde gode sjansar til å skåre, men kampen enda 1-1.

– Me skapar like mange store sjansar som dei, og gjer vår jobb i 90 minuttar. Målet deira er ikkje so mykje å gjere med, seier Bodø/Glimt-trenar Aasmund Bjørkan til NRK.

Siste nytt

  • Verstappen vant i Kina

    Max Verstappen vant Formel-1-sprinten i Kina natt til lørdag norsk tid.

    Han slo Lewis Hamilton med 13,043 sekunder.

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal