Hopp til innhold

Utøvarane legg press på Wada – tårevått møte i Det kvite hus

– Då eg var på toppen av karrieren min kjempa eg mot dopa konkurrentar, sa ei tårevåt Alysia Johnson Montaño (32) under antidoping-toppmøtet i Det kvite hus i Washington i går.

Alysia Johnson Montaño i duell med Marija Savinova under VM i friidrett i Daegu i 2011

FORTVILA: Alysia Johnson opplevde fleire gongar å bli slått av seinare dopingdømde Marija Savinova, blant anna under VM i Daegu 2011.

Foto: Anja Niedringhaus / Ap

Den amerikanske 800 meter-løparen blei blant anna slått i OL i 2012 av russiske Marija Savinova, som seinare blei dømd for doping. Ho var ein av ei gruppe utøvarar som var til stades for å fortelje om sine erfaringar, og tok til tårene då ho snakka frå scena.

– Eg vil ikkje at tida skal renne ut for fleire utøvarar, sa Montaño.

Skeleton-køyrar Katie Uhlaender meiner utøvarane er i stand til å presse Wada.

– Vi må klare å seie frå. I 2018 har vi den sjansen. Det er viktig at vi ser på kvarandre og gjer det vi kan for å bli høyrde, seier Uhlaender.

At utøvarane må få mykje meir å seie, er eitt av dei omfattande reformkrava møtet kom fram til.

Linda Hofstad Helleland hører på bloggere

TIL STADES: – Eg skal ta med meg desse synspunkta, seier Wadas visepresident Linda Hofstad Helleland, som var i Det kvite hus

Foto: Tore Linvollen / NRK

– Utøvarane har starta marsjen for ei endring til open og uavhengig antidopingarbeid, sa Wadas visepresident Linda Hofstad Helleland på møtet.

Helleland deltok som privatperson, ikkje som Wada-utsending. Ifølgje VG bad Wada-president Craig Reedie henne om ikkje å delta på møtet, men Helleland valde å møte likevel.

Laster Twitter-innhold

Wada kritisk

– Dei uttrykte vonbrot og svekka tillit til Wada. Dette er noko eg kjem til å formidle vidare til organisasjonen, seier Helleland til Aftenposten.

Wada var raskt ute med kritikk av møtet i Det kvite hus.

– Berre den eine sida av saka blei presentert, skriv Wada til insidethegames.biz.

– Det gjeld berre dei som går imot den demokratiske avgjerda i Wada-styret om å ta Russland inn igjen i antidopingarbeidet. Hadde Wada-presidenten eller andre som støtta avgjerda, vore inviterte, kunne det ha gitt diskusjonen eit anna perspektiv, skriv Wada.

Når eg som visepresident, styremedlem Clayton Cosgrove, utdanningskomitéleder Edwin Moses og utøvarkomitéleder Beckie Scott var invitert, så seier det litt om korleis dei ser på saker, når dei seier at ikkje nokon frå WADA var invitert, fortel Helleland til VG.

Vil ikkje trekke støtta

Bakgrunnen er Wadas omstridde vedtak om å ta Russland inn igjen som fullt medlem, trass i at dei enno ikkje har oppfylt krava Wada har stilt sidan Russland blei kasta ut i 2015.

Ei rekke toppidrettsutøvarar har teke avstand frå dette, og den kanadiske tidlegare langrennsløparen Becky Scott trekte seg frå Wada-styret.

Travis Tygart

KRITISK: USAs antidopingsjef Travis Tygart (i midten) gjekk hardt ut mot det han meiner er dobbelrolle for Wada-president Craig Reedie. Han er flankert av USA-administrasjonens antidopingsjef Jim Carroll og Usada-styreleiar Edwin Moses

Foto: J. Scott Applewhite / AP

Eit anna krav er at leiinga i organisasjonen skal vere uavhengig. I dag er styret samansett av seks frå IOC og seks frå medlemslanda. Presidentvervet går på omgang mellom dei to gruppene. Sitjande president Craig Reedie er frå IOC-leiren. Han må gå av neste år, då skal ny president veljast frå den nasjonale delen av styret.

Det var Jim Carroll, direktøren for den nasjonale dopingkontroll-politikken i USA, som hadde kalla inn til møtet. På spørsmål om USA kan kome til å halde tilbake den økonomiske støtta til Wada, sa han at det førebels ikkje er aktuelt.

– Det er ei absolutt siste utveg, sa han.

Styret i Wada skal møtest i Baku i Aserbajdsjan 15. november.

Sportsnyheter

Siste nytt

  • De Ligt, Musiala og Dier tilbake i trening før returkampen i Madrid

    Bayern München-trioen Matthijs de Ligt, Jamal Musiala og Eric Dier var alle med på tirsdagens trening før onsdagens Champions League-semifinale mot Real Madrid.

    De Ligt gikk glipp av den første kampen grunnet kneproblemer, og erstatteren Kim Min-jae har fått skylden for begge målene Bayern München slapp inn i 2-2-kampen.

    Bayern-trener Thomas Tuchel sa på tirsdagens pressekonferanse at Dier og De Ligt ligger an til å starte returkampen i Spania.

    – De fortjener å fortsette å spille sammen. Matthijs har fått grønt lys, sa Tuchel.

    Musiala
    Foto: CHRISTOF STACHE / AFP
  • McDavid, MacKinnon eller Kutsjerov blir årets spiller i NHL

    Connor McDavid, Nathan MacKinnon og Nikita Kutsjerov er årets finalister i kampen om å vinne Hart-trofeet som årets spiller i NHL.

    Hart-trofeet gis årlig til spilleren som i en avstemning blant medlemmene i ishockeyjournalistenes forening utpekes som den mest verdifulle for sitt lag.

    McDavid vant Hart-trofeet for tredje gang i fjor og kan slutte seg til Wayne Gretzky (9), Gordie Howe (6) og Eddie Shore (4) som en av spillerne med minst fire. Edmonton Oilers-kapteinen kan også bli den første som vinner to år på rad siden Alex Ovetsjkin i 2008 og 2009.

    6bI-ZE7PPAY
    Foto: AP
  • Nominert til årets manager – fikk sparken

    Liam Rosenior var en av tre nominerte til prisen for årets manager i engelsk mesterskapsserie. Tirsdag fikk han sparken i Hull.

    39-åringen ble i november 2022 hentet til trenerjobben i klubben han hadde spilt for i fem år av sin aktive karriere. Han berget laget fra nedrykk, og sist sesong gjorde Hull det så bra at han i desember fikk en ny og forbedret kontrakt med gyldighet til 2026.

    Han ble også nominert til prisen som sesongens manager sammen med Kieran McKenna (Ipswich, som vant) og Daniel Farke (Leeds), men Hull gikk så vidt glipp av opprykkssluttspill. Med bare en seier på de fire siste kampene endte laget på 7.-plass, tre poeng bak Norwich på den viktige 6.-plassen.

    – Dette er den vanskeligste avgjørelsen jeg har truffet som styreleder i denne klubben. Jeg må se bort fra personlige følelser og treffe avgjørelser med klubbens langsiktige visjoner i sentrum, sier klubbens tyrkiske eier Acun Ilicali til Hulls nettsted.

    – Det er ingen tvil om at vi har hatt framgang under Liam, og han vil alltid være en del av denne familien. Likevel er det blitt tydelig at vi har ulike visjoner for klubbens framtid, og jeg føler at tiden er inne for å gjøre en endring.

    (©NTB)

    dfClLXF5MRI
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal