Det amerikanske fotballforbundet har reagert med å suspendere Solo frå all internasjonal fotball i seks månader.
Sverige stod bak ein av OLs største sensasjonar ved å slå ut USA i kvartfinalen 12. august. Kampen enda 1-1, og Sverige vann 4-3 på straffer.
USA var tittelforsvarar, vann fire av dei fem olympiske turneringane i fotball for kvinner før Rio-OL, og har alltid spela finale.
Men ikkje i år. Hope Solo redda berre ein av Sveriges fem straffer, og rasa etterpå mot det ho meinte var ein defensiv og øydeleggande svensk spelestil.
– Dei er ein gjeng med feigingar, sa Hope Solo etter kampen.
Dette er ordlyden Hope Solo no blir straffa for:
Ho får ikkje spele internasjonalt på eit halvt år.
– Uakseptabelt
– Kommentarane hennar var uakseptable, og møter ikkje krava vi set til oppførsel av våre landslagsspelarar, seier USAs fotballpresident Sunil Gulati.
– OL representerer idal som byggjer på fair play og respekt. Vi krev at våre spelarar utan unntak respekterer desse ideala, seier Gulati i kommentaren frå forbundet.
Solo – som tok OL-gull med landslaget både i 2008 og 2012 – seier at ho er lei seg for utestenginga.
– Eg har dedikert livet mitt til USAs landslag i 17 år, seier Hope Solo på twitter.
Utestenginga tek til med det same, og inneber at Solo ikkje får spele landskampar igjen før i februar.
Men ho får spele for sin klubb Seattle Reign i den amerikanske ligaen.
Ikkje alle er likevel like imponert over verknaden straffa fotballforbundet har gitt henne. – Dette er ikkje ein suspensjon for henne, dette er ein ferie, skriv Seattle Times.
35 år gamle Hope Solo har spela 202 landskamper, 102 av desse har ho halde nullen. Begge deler er verdsrekord.
Ho har ein VM-tittel og to OL-gull.
Suspendert også tidlegare
Men ho har vore involvert i kontroversar også tidlegare.
I VM i 2007 blei ho benka i semifinalen. USA vart slått 4-0 av Brasil, og Solo reagerte så sterkt at heile laget tok offentleg avstand frå det.
Men landslagssjefen vart sparka etter tapet, og Solo vart teken inn igjen på landslaget.
Av den nye landslagssjefen Pia Sundhage, som no er svensk landslagssjef, og som også fekk smake Solos raseri-utspel i OL.
For to år sidan kom ho i søkelyset for skuldingar om valdeleg oppførsel mot familiemedlemmer. Den saka er enno ikkje avklara, men gav likevel Solo 30 dagar suspensjon tidleg i 2015.