Dei svenske fotballkvinnene detonerte ei av dei største bombene i OLs kvinnefotball nokonsinne i kvartfinalen i Brasilia. Dei slo ut sjølvaste USA, og hindra dermed USA i å ta in fjerde tittel på rad.
Lisa Dahlkvist fullførte sensasjonen då ho scora på det stsite straffesparket, og gav Sverige 4-3 på straffer. USAs keeper Hope Solo prøvde å psyke ut den svenske skyttaren, tok seg god tid, og bytte til og med hanskar.
Det hjelpte ikkje. Solo og dei andre på USAs lag måtte reise heim.
Men før ho gjorde det, gjekk ho knallhardt ut mot det svenske laget.
Sveigres landsgassjef Pia Sundhage tok kritikken lett.
– Eg skal til Rio, ho skal heim, sa Sundhage.
Første finale utan USA
– Dette er historisk. Dei har aldri blitt slått ut så tidleg i eit OL, seier Sveriges målvakt Hedvig Lindalhl til Aftonbladet.
USA har vunne fire av fem olympiske turneringar i kvinnefotball sidan det kom på programmet i 1996. Berre Norge har borte denne sigersrekka, med finalesiger i 2000.
Årets kvinneturnering blir dermed den første utan USA i finalen.
Pia Sundhage leia USA til to av deira triumfar. I dag var den hennar lag som stoppa favorittane.
Etter ordinær tid stod det 1-1. Sverige tok leiinga ved Stina Blackstenius etter 61 minutt, men Alex Morgan utlikna 16 minutt seinare.
I ekstraomgangane var det ingen godkjende mål. Men laga fekk kvar sitt mål annullert.
Morgan bomma på USAs første straffe. Linda Sembrandt bomma på Sveriges tredje.
Då Christen Press også bomma på USAs femte, kunne Dahlkvist sende storfavoritten ut.
I semifinale ventar truleg ein ny storkamp for Sverige: Brasil. Dersom dei ikkje taper mot Australia i natt.