Hopp til innhold

Ukraina svartelistar Bolsjunov – vil straffe «putinistiske» utøvarar

Ukrainas parlament vil innføre sterke, personlege sanksjonar mot Aleksandr Bolsjunov, Veronika Stepanova og ei rekkje andre russiske idrettsprofilar.

Bolsjunov under OL i 2022 og listen som viser at han sanksjoneres av Ukraina

UØNSKT AV UKRAINA: Aleksandr Bolsjunov, her avbilda under ein medaljeseremoni i Beijing, har hamna på Ukrainas offentlege liste over menneske som skal sanksjonerast.

Foto: JON OLAV NESVOLD / BILDBYRÅN

– Ukraina vil insistere på at det blir innført sportslege sanksjonar heilt til den siste soldaten har forlate Donetsk, Luhansk, Krym, Mariupol og Berdjansk, skriv Olha Saladukha i ein kommentar i den ukrainske avisa Pravda.

Olha Saladukha

SJEF: Olha Saladukha.

Den tidlegare verdsmeisteren i tresteg og noverande politikar er no sentral i arbeidet med å setje opp ei liste av utøvarar dei meiner støttar Vladimir Putin og Russlands krigføring i Ukraina. Ho jobbar tett saman med folkevalde og tidlegare idrettsutøvarar.

– Hovudformålet er å fjerne aggressiv, russisk propaganda frå idretten, seier Saladukha til NRK.

Arbeidsgruppa i Verkhovna Rada, det ukrainske parlamentet, omtaler dei som «putinistiske» utøvarar. Så langt tel lista 56 namn. Fleire vil bli lagt til.

Ho meiner det ikkje er relevant for saka om dei får ein ordre, førespurnad eller stiller opp frivillig. Og er lei av at utøvarar gøymer seg bak «vi kan ikkje gjere noko anna».

– Eg er overtydd om at det ikkje finst håplause situasjonar. Alle har høvet til å uttrykkje ståstaden sin eller tre stille til side. Dette handlar ikkje om kontraktar eller materielle gode, men om millionar av liv og barn, seier Saladukha.

Les også Bolsjunov brukt i propagandashow før Putin-tale: – Står fram som uhyggjeleg

OL-helter før Putin sin tale.

Aleksandr Bolsjunov står på lista for deltakinga si på Luzjniki stadion for å markere Krym-annekteringa i mars. Turnaren Ivan Kuljak for å ha stilt til medaljeutdeling med krigssymbolet «Z» på brystet, og sjakkspelaren Sergej Karjakin for gje heilhjarta støtte til Putin og krigen.

Russian President Vladimir Putin attends a meeting with gold medallists of the 2022 Beijing Winter Olympics in Moscow

SVARTELISTA: Aleksej Tsjervotkin, Mark Kondratsjuk, Nikita Katsalapov, Kamila Valjeva, Viktorija Sinitsina, Anastasija Misjina, Veronika Stepanova, Denis Spitsov og Aleksandr Galljamov fekk medalje av Putin. Alle utøvarane står no på svartelista til det ukrainske parlamentet.

Foto: SPUTNIK / Reuters

Russlands gullag frå OL-stafetten i langrenn var representert med tre av fire utøvarar: Aleksandr Bolsjunov, Denis Spitsov og Aleksej Tsjervotkin. Veronika Stepanova, som har teke tydeleg standpunkt i krigen, er også på lista.

Alle har fått same grunngiving: «Deltok i masseevenement retta mot rettferdiggjeringa av Russlands krigføring mot Ukraina».

Les også Viste støtte til Putin – no vekkjer talen til stjerna avsky

Russian President Vladimir Putin attends a meeting with gold medallists of the 2022 Beijing Olympics in Moscow

Utover dei står også Stepanova-trenar Jegor Sorin og OL-helten frå 2014, Aleksandr Legkov, på lista for «offentleg å ha støtta angrepet mot Ukraina».

Målet er total isolasjon

Saladukha trur ikkje tilrådingane frå Den internasjonale olympiske komiteen til særforbunda om å nekte russiske og belarusiske utøvarar deltaking er nok. For det finst smotthol. Til dømes har boksing opna for russisk deltaking.

Ho forklarer at dei personlege sanksjonane går ut på å ramme utøvarar slik at dei kjenner det. Det handlar om å fryse midlar, gi forbod mot å overføre pengar, nytte seg av utanlandsk eigedom og innreiseforbod.

– Personlege sanksjonar ville vore ein seriøst åtvaring til russiske og belarusiske utøvarar som enno ikkje har støtta krigen, seier Saladukha.

Oversikta over dei 56 utøvarane blir no behandla av dei relevante komiteane i parlamentet, før det skal stemmast over ein ny resolusjon. Det nasjonale tryggleiks- og forsvarsrådet i Ukraina vil få ansvaret for å bedømme og avgjere kven som skal sanksjonerast mot.

Olha Salsukha

FØRSTE MØTE: Verkshovna radas har nedsett ei arbeidsgruppe på vegner av komiteen for ungdom og idrett.

Foto: Privat

Kyiv-leiinga ønskjer å ta frå utøvarar som støttar Putin høvet til å konkurrere i Europa. Utøvarar som aktivt har støtta krigen ønskjer dei skal stengjast ute på livstid. Ho legg til at det same vil gjelde for belarusiske utøvarar som støttar regimet til Aleksandr Lukasjenko, fordi Belarus har bidrege til å fasilitere for den russiske invasjonen.

Belarusisk deltaking

Aleksandr Opejkin var til stades under dei første møta til arbeidsgruppa. Han leier det Det belarusiske sportssolidaritetsfondet som vernar utøvarar som har stått opp mot det undertrykkjande regimet i landet.

Opejkin

BELARUSISK REPRESENTANT: Aleksandr Opejkin.

Foto: Privat

Organisasjonen har spelt ei nøkkelrolle når det gjeld å få innført sanksjonar mot Belarus' olympiske komité og fjerninga av ishockey-VM frå Minsk i 2021. No deler dei erfaringar med forbundsfellane sine i Ukraina.

– Arbeidet til kommisjonen er veldig viktig. Det kan ikkje tillate å diskreditere seg sjølv gjennom raske og ugjennomtenkte avgjerder. Derfor vil alt av fakta sjekkast nøye og, dersom dei blir stadfesta, lagt til lista av personar som det blir tilrådd personlege sanksjonar mot, seier Opejkin til NRK.

– Glorifiserer eit brotsverk

Han forklarer kvifor Bolsjunovs deltaking på markeringa for Krym-annekteringa i Moskva er ulovleg.

Det er openbert at feiringa av ei slik hending, som annekteringa av den autonome republikken Krym, støttar, rettferdiggjer og glorifiserer eit internasjonalt brotsverk. Viss det er dokumentasjon eller offentleg informasjon som støttar dette, vil det bli anbefalt personlege sanksjonar mot vedkommande i Ukraina og internasjonalt.

Opejkin meiner utøvarar ber eit personleg ansvar. Han etterlyser også betre mekanismar i Den internasjonale olympiske komiteen.

– Vi ser i dag at prosessane manglar i IOC, noko som diskrediterer organisasjonen og dens leiarar, som bør opptre som ekte leiarar når verda står overfor slike kritiske stunder.

Siste nytt

  • Bunnsolide Arsenal tok tilbake tabelltoppen – slo byrival uten Ødegaard

    Lørdag kveld fikk Fulham besøk av serieleder og byrival Arsenal.

    I London-derbyet var det Arsenal som var sterkest. Leandro Trossard sørget for kampens eneste mål etter timen spilt.

    Belgierens avgjørende scoring kom etter et hjørnespark.

    Arsenal fortsetter å være bunnsolide defensivt. Så langt i Premier League-sesongen har de kun sluppet inn tre mål på åtte kamper.

    Seieren sendte London-klubben tilbake på toppen av tabellen i den engelske toppdivisjonen.

    De ligger tre poeng foran Manchester City, som gikk forbi Arsenal etter 2-0-seieren over Everton tidligere lørdag.

    Martin Ødegaard var ikke med for serielederne. Han er ute i en god stund fremover grunnet en leddbåndsskade han pådro seg mot West Ham.

    Arsenal-trener Mikel Arteta har tidligere uttalt at Ødegaard kan være uaktuell til etter den kommende landslagspausen i november.

    en mann i sportsuniform
    Foto: Andrew Boyers / Reuters / NTB
  • Skadesmell for Brann da de knuste Haugesund

    Etter 24 minutters spill mellom Brann og Haugesund ble Brann-spiller Niklas Castro (29) liggende mens han holdt seg til baksiden av låret.

    Etter litt behandling måtte kantspilleren byttes ut.

    – Det er blytungt for Brann, sa TV 2-ekspert Jesper Mathisen, som kommenterte kampen.

    Til tross for skaden på en viktig spiller fikk ikke Brann det særlig tøft mot Haugesund.

    To mål fra Bård Finne og to fra Eggert Aron Gudmundsson sørget for 4–0-ledelse til hjemmelaget.

    Fem minutter før full tid fikk Haugesund et trøstemål signert Sory Diarra.

    Brann vant 4–1 og er fortsatt med i gullkampen i Eliteserien.

    Det er i hvert fall gode muligheter for det, skal vi tro Branns egne hjemmesupportere, som sang «Gullet skal hem» i andre omgang.

  • Verstappen vant sprintløpet i Austin – tok innpå i VM-racet etter McLaren-krasj

    Max Verstappen vant sprintløpet i USAs Grand Prix i Austin og tok innpå McLaren-duoen som fører an i kampen om VM-tittelen.

    Lagkameratene Lando Norris og VM-leder Oscar Piastri kolliderte i starten og røk ut av løpet. Dermed tok Red Bull-fører Verstappen inn åtte poeng på begge to.

    George Russell i Mercedes ble nummer to, Carlos Sainz i Williams nummer tre og Lewis Hamilton i Ferrari nummer fire.

    Verstappen var ganske nylig håpløst distansert i VM-kampen, men han har tatt kraftig innpå og er nå bare 55 poeng bak ledende Piastri. Det gjenstår seks VM-runder, og spenningen lever for fullt.

    Verstappen har vunnet VM sammenlagt de fire siste årene.

    Lørdag kveld er det kvalifisering til hovedløpet i Austin, der det er 25 poeng til vinneren. (NTB)

    en racerbil på en bane
    Foto: Eric Gay / AP / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal