Tutta: – Måtte redde meg frå "complete disaster"

Suzann Pettersen mislukkast fullstendig på den siste runden og fall ned til sjetteplass på LPGA-turneringa i golf i New York.

Intervju med Suzann Pettersen. Hun lå an til å kjempe om seieren i LPGA-mesterskapet foran siste runde. Men finalerunden ble et lite mareritt for Pettersen. Hun endte til slutt på tiende plass. Vinner av LPGA-mesterskapet ble sørkoreanske Park In-bee.

– Eg måtte prøve å berge meg frå «a complete disaster» (ein total katastrofe), var uttrykket ho sjølv brukte i intervjuet etter turneringa.

Ho fekk den verst tenkelege starten på runden: Dobbelbogey (to slag over par) allereie på det første holet.

– Det var ein heilt forferdeleg start, og det tok meg ti hol å kome inn i rytmen igjen, sa Tutta.

For mykje adrenalin?

– Eg veit ikkje kvifor det skjedde. Kanskje eg hadde for mykje adrenalin? Det var rett og slett ikkje mogeleg å slå tilbake etter den starten, sa 33-åringen.

Då hadde dobbelbogeyen i opninga blitt følgt av bogeyar på hol 4, 6 og 8. Hol 14 og 15 gav birdiar, men det vart ny bogey på det 18. og siste holet. Det gav fire slag over par på den siste runden.

Koreansk siger etter omspel

Det som før siste runden såg ut som ein tetkamp og kamp for årets første turneringssiger, enda med sjetteplass, fem under par totalt og seks slag bak vinnaren Park In-bee frå Korea.

– Eg var ivrig etter å kome i gong på den siste runden, men det gjekk ikkje. Men det var likevel mykje godt i spelet mitt. Eg må prøve å halde hovudet heva og dra det beste frå denne runden med meg til neste turnering, sa Tutta.

Park vann turneringa etter omspel med amerikanske Brittanny Lincicome. Amerikanaren såg ut til å gå mot siger, men fekk ein bogey på det siste holet. Dermed vart det omspel, som Park avgjorde på første hol.

Sportsnyheter

Atle og Memphis

– I kveld håper jeg å se to storheter: De heter Barcelona og Bent Leikvoll

Magnus Carlsen tok ytterligere steg mot VM-tittel, men det ble «bare» remis med hvite brikker.

Siste nytt

  • Finalene flyttes til Nadderud

    Årets NM-finaler i håndball er blitt flyttet fra Oslo Spektrum til Nadderud Arena, på grunn av de smitteverntiltakene som ble lagt frem tirsdag.

    – Det er et utfall verken vi eller klubbene ønsket oss, men med de nye retningslinjene må vi ta dette grepet. Vi flytter kampene fra Oslo Spektrum av økonomiske og arrangementsmessige hensyn, sier arrangementssjef i NHF, Kia Haftorn Otnes.

    Vipers Kristiansand møter i Molde i kvinnenes NM-finale, mens kampen om NM-gullet i herreklassen står mellom Elverum og ØIF Arendal, melder NTB.

    NM-finale, Vipers
    Foto: Carina Johansen / NTB
  • Glimt-spelar blei nekta innreise

    Bodø/Glimt-spissen Victor Boniface er stranda på flyplassen i Zaporizjzja fordi han mangla dokument som krevst for å komme inn i Ukraina, melder AN.

    Glimt spelar europacupkamp borte mot Zorja Luhansk torsdag. Der kan dei måtte klare seg utan Boniface, som blei stoppa i passkontrollen på flyplassen tysdag kveld.

    Årsaka er at klubben ikkje har sørga for å ha med seg dei rette dokumenta for å få sin nigerianske spiss inn til Ukraina.

    Eliteserien fotball 2020, Kristiansund - Bodø/Glimt (2-3).
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • Jansrud ute for heile sesongen

    Alpinisten Kjetil Jansrud mister OL i Beijing og resten av sesongen på grunn av ein alvorleg kneskade. Det melder Noregs Skiforbund i ei pressemelding.

    – Sesongen er over for min del, men eg er motivert for å gjere jobben som trengst for å komme tilbake, seier Kjetil Jansrud (36).

    – Kjetil er ute i seks til ni månader, og vi vet meir om det endelege skadeomfanget etter at operasjonen er gjennomført, fortel lege for alpinlandslaget, Marc Strauss.

    Det er planlagt operasjon i slutten av neste veke.

    WCup Mens Super G Skiing
    Foto: Robert F. Bukaty / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal