NRK Meny
Normal

Tutta har skifta putter

Suzann Pettersen har byttet putter og storspiller i Sverige.

Suzann Pettersen

Suzann Pettersen under TPC i Barsebäck i Sverige i går.

Foto: JANERIK HENRIKSSON / SCANPIX

Den norske golfstjerna Suzann Pettersen har bytta tilbake til puttaren ho brukte då ho vann sin første Major-turnering tidlegare denne sesongen i USA.

No har ho for alvor fått opp dampen på greenane i Sverige.

Les også: "Tutta" faller av

- Som å skifte børse midt i sesongen

- Det er heile tida små justeringar. Men etter British Open var det viktig å finne tilbake til den gode følelsen. Derfor har eg skifta putter, seier Pettersen til NRK.

Puttaren er den mest fintfølande kølla i golfbagen, det er kort veg mellom suksess og fiasko på greenen. Mykje sit i hovudet til utøvaren.

Jan Ove Nystuen har vore manager til Tutta i åtte år. Han har bakgrunn frå alpinmiljøet.

- Å skifte putter er som om Ole Einar Bjørndalen skulle skifte børse midt i sesongen, eller om Aksel Lund Svindal byttar skomerke halvvegs i alpinsesongen, samanliknar Nystuen.

Følg poengane her

 Les lørdagens sak: "Tutta" med i teten

 

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting