Hopp til innhold

Turnarar frå heile verda gjer opprør – fortel om «feittskam» og valdelege trenarar

Eit verdsomspennande turnopprør er i gang. I kjølvatnet av dokumentaren «Athlete A» står nå ein rekke utøvarar fram med sine skrekkhistorier.

Maggie Nichols frå "Athlete A"

DOKUMENTAR: Den amerikanske turnaren Maggie Nichols og hennar historie er utgangspunktet for Netflix-dokumentaren.

Foto: Netflix / AP

– Eg trur det no kan bli lettare for utøvarane å seie frå når dei opplever negativ behandling. Det er godt, fordi det skal vere trygt å drive idrett og gå på trening, seier Øistein Leren, generalsekretær i Norges Gymnastikk- og Turnforbund.

Larry Nassar

«MONSTERET»: Landslagslegen for turnarane Larry Nassar blei dømd til 175 års fengsel for seksuelle overgrep og trakassering av unge jenter

Foto: Cory Morse / AP

Netflix-dokumentaren «Athlete A» tek utgangspunkt i den tidlegare turnaren Maggie Nichols og idrettslegen Larry Nassar. Han blei i 2018 dømd til 175 års fengsel for trakassering og overgrep, ikkje minst seksuelt, av 250 jenter og unge kvinner.

Det er ein månad sidan dokumentaren blei lagt ut. Sidan da har turnarar frå ein rekke land delt sine historier om misbruk i idretten under emneknaggen #gymnastalliance på Twitter.

Gransking i Storbritannia

«Athlete A» har mellom anna ført til ein svær oppvask i Storbritannia. Der har dei nasjonale styremaktene sett ned eit uavhengig utval for å granske treningsmetodane.

Landslagsturnarane og systrene Becky og Ellie Downie seier til The Telegraph at «feittskam» og grovt språk har vore normalen på treningane. Dei har fått med seg fleire tidlegare britiske landslagsturnarar i eit krav om at forbundspresidenten må gå av.

crFDpI7_Q98

– NORMALT: Britiske Becky Downie og systera Ellie meiner at feittskam og grov språkbruk er så utbreitt at det har blitt normalen på treningane

Foto: Sergei Grits / Sergei Grits

Amy Tinkler, som tok bronse i Rio-OL, kunngjorde i januar, at ho vil legge opp. Ho er berre 20 år gammal. Den gongen forklarte ho det med skader.

Men tidlegare denne månaden, etter at Netflix-dokumentaren var ute, sa ho at det var på grunn av metoden trenarane brukte.

Ho hadde varsla turnforbundet om dette allereie i desember, men enno ikkje fått noko svar.

– Eg blir forferdeleg lei meg av dei historiene eg har høyrt dei siste vekene, skreiv ho.

– Eg er stolt av mine turnar-kollegaer som har stått fram med historiene sine. Eg veit kor vanskeleg det er. Eg sende ei formell klage til turnforbundet i desember, der eg fortalde om mine erfaringar. Det er dei erfaringane som var årsaka til at eg la opp, ikkje nokon fysisk skade.

pWDtRmbz1ww

LA OPP: Amy Tinkler la opp i januar, og forklarte det då med ain skade. Men etter at dokumentaren kom ut, vedgjekk ho at det var trenarane og deira metodar som var den verkelege grunnen

Foto: MIKE BLAKE / Reuters

– Det eg har gjort, kan ikkje forsvarast

I Nederland har trenaren Gerrit Beltman vist seg som angrande syndar.

– Det eg har gjort, kan ikkje forsvarast på nokon måte, seier han i eit intervju med Noordhollands Dagblad.

– Eg ville vinne for kvar ein pris. Det var aldri min intensjon å slå, banne og trakke ned nokon. Men det skjedde. Det er eg svært lei meg for, seier han.

Men han er irritert over at det nederlandske turnforbundet ikkje tek problemet meir alvorleg.

– Eg var, og er, ikkje åleine. Tvert imot, seier Beltman, som ifølgje dutchnews.nl også har jobba som trenar i Belgia, Canada og Singapore.

Heilt dehydrert på treningane

Belgiske Aagje Vanwalleghem var trena av Beltman for 20 år sidan, og tok to VM-bronsar.

– Eg respekterer orsakinga hans, og eg håpar verkeleg at desse avsløringane røskar skikkeleg opp også hos andre trenarar, seier ho til The Brussel Times.

Ho fortel om korleis ho opplevde trenarane.

– Eg blei alltid hamra inn at eg måtte gå ned i vekt. Det var ikkje snakk om kilo, men om gram. Eg brukte å gå i saunaen i ein og ein halv time på førehand for å ha minimal vekt. Derfor starta eg treningane fullstendig dehydrert, berre for å tilfredsstille trenaren, seier ho.

Aagje Vanwalleghem

VEKT-KRAV: Belgiske Aagje Vanwalleghem fortel om at ho var nesten dehydrert for å tilfredsstille trenaren

Foto: Yves Logghe / AP

Vanwalleghem var sjeldan utsett for fysisk straff, men seier at den tøffe språkbruken kunne vere frykteleg.

– «Kom deg heim om du heller vil det, di feite ku», kunne han brøle. Slik språkbruk og oppførsel hadde alvorlege følgjer for meg og andre turnarar. Nokon av dei måtte ha trauma-terapi etter at karrieren var over, andre sleit mentalt i årevis etterpå.

– Ikkje noko nytt for oss

Kulturen og metodane i turntreninga var slett ikkje borte med Lary Nassar. Verken i USA eller andre land. Reaksjonane på dokumentaren vist at det dreier seg om ein treningskultur som er verdsomspennande og stikk djupt.

– Vi har kjent til problemstillinga lenge, og det som kom fram i dokumentaren, er ikkje noko nytt for oss, seier generalsekretær Øistein Leren i Norges Gymnastikk- og Turnforbund.

Laster Twitter-innhold

Fordi turnsporten i Noreg har langt mindre pengar og ei annan økonomisk struktur, er det ikkje kome opp saker av same omfang som det som no blir avslørt internasjonalt. I Noreg trenar utøvarane mest i sine eigne klubbar.

– Men vi er svært opptekne av temaet negativ oppførsel. Det har vore tema hos oss i mange år, seier Leren.

For to år sidan oppretta forbundet ei e-postadresse der aktive trygt skal kunne varsle om uheldige episodar.

– Vi har hittil ikkje hatt varslingar om saker av denne typen, seier Leren.

Skakande rapport

I førre veke kom organisasjonen Human Rights Watch med ein skakande rapport om treningskulturen i Japan. «Eg har blitt slått så mange gonger at eg kan ikkje telje dei», heiter rapporten.

Den gjeld ikkje berre turn, men treningsmetodar i mange andre idrettar også. Fysisk vald som treningsmetodar under trening, såkalla taibatsu, har lange tradisjonar i Japan, slår rapporten fast. I søknaden i 2013 om å få arrangere OL i 2020 blei det derfor spesifikt sagt at desse tradisjonane skulle avviklast.

HRM-rapporten viser at det ikkje har skjedd enno. Dei har dokumentert mange døme på slag med balltre og bambuskjeppar, slag mot ansiktet til barn, og å halde hovuda deira under vatn for å simulere drukning.

Stanis Elsborg er analytikar ved Indrættens Analyseinstitut i Danmark, og med sport og politikk som fagområde. Han ser avsløringane i eit større perspektiv, og trur ikkje det er tilfeldig at dei kjem på same tid som rørslene MeToo og Black Lives Matter har blitt store.

– Vi er i ei brytningstid. Alle former for individ og grupper gjer opp med eksisterande system, og no kjem også sporten på bana, seier Elsborg til Danmarks Radio.

Siste nytt

  • Leicester rykket opp igjen til Premier League

    Leeds tapte hele 0-4 borte mot Queens Park Rangers fredag kveld. Dermed ser det ut til at et direkte opprykk glipper for den tradisjonsrike klubben, mens Leicester kan feire retur til Premier League neste sesong.

    Etter fredagens kamp har Leeds fire poeng opp til Leicester, men kun én kamp igjen å spille. Leicester har på sin side to kamper igjen å spille.

    For Leeds' del jakter Ipswich Town like bak. De er ett poeng bak Leeds, men har spilt to kamper mindre. Dermed vil fem poeng på de siste tre kampene sikre et opprykk for Ipswich.

    For Leicester ble oppholdet på nest øverste nivå i engelsk fotball kortvarig. Klubben som vant Premier League i 2016, rykket ned fra Premier League i fjor.

    Seieren til Queens Park Rangers gjør at de har sikret plassen på nest øverste nivå.

    Leicester
    Foto: AP
  • Medier: Liverpool og Feyenoord enige om Slot-overgang

    Arne Slot blir etter alt å dømme arvtakeren til Jürgen Klopp som Liverpool-manager. Ifølge flere medier har Feyenoord gått med på å slippe ham.

    Det skjer etter at Slot torsdag bekreftet at han ønsket seg til Liverpool.

    – Jeg vil gjerne til Liverpool. Nå venter jeg på å se om klubbene kommer til enighet. Jeg er veldig trygg på det, sa Slot til ESPN.

    Nå melder flere medier, blant dem The Athletic, at klubbene har kommet fram til en kompensasjon for nederlenderens tjenester. Også nederlandske medier hevder at Slot nærmer seg Liverpool-jobben.

    Liverpool har vært på managerjakt siden Klopp i vinter varslet at han kom til å gi seg ved sesongslutt. Tyskeren hadde egentlig to år igjen av kontrakten.

    I Nederland er 45-årige Slot kjent for å stå for en offensiv og energisk spillestil. Han ledet i fjor Feyenoord til serietittelen og fulgte i år opp med å vinne cupen.

    Slot tok for to år siden Rotterdam-laget til finalen i Serieligaen. Han leverte også sterke resultater som AZ Alkmaar-trener. (NTB)

    Arne Slot
    Foto: AFP
  • Stortalent herjet da Norge vant i VM-test

    Treningskampen mellom Norge og Danmark i Asker endte 4-3 fredag kveld etter spilleforlengelse.

    18 år gamle Michael Brandsegg-Nygård er blant verdens mest ettertraktede talenter og han viste hvorfor fredagens kamp.

    Brandsegg-Nygård ble kreditert alle Norges tre mål i ordinær tid.

    – Jeg vet ikke. To i hvert fall, sa Brandsegg-Nygård til TV 2 i pausen mellom andre og tredje periode.

    – Den gikk på skøyta mi, men så jeg ikke hva som skjedde etter. Jeg tror Petter (Vesterheim) slo den inn, sa Brandsegg-Nygård videre - noe også TV 2s kommentatorer konkluderte med.

    Norge ledet 3-1 etter den andre perioden, men Danmark kom tilbake i den tredje perioden og fikk utlignet til 3-3. Dermed ble det spilleforlengelse i Asker.

    Der var igjen Brandsegg-Nygård sentral og scoret Norges vinnermål i spilleforlengelsen.

    Norge og Danmark møtes til ny treningskamp lørdag. Deretter skal Norge spille to treningskamper borte mot Latvia neste uke, før VM starter 9. mai.

    Michael Brandsegg-Nygård
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal