Hopp til innhold

Tung norsk dag i Polen: – Kan stikke kjeppar i hjula for VM-kvaliken

Polen ligg 17 plassar bak Noreg på verdsrankinga. Men då nasjonane møttest i VM-kvalifiseringa, var det lite som skilte dei to laga.

TUNG DAG: Noreg sleit med å få ting til å stemme mot Polen.

Noreg klarte ikkje å dra med seg skåringsforma frå den førre landslagssamlinga til Polen. For der dei enda med målskilnad på 13–0 mot Armenia og Kosovo, klarte dei aldri å få hol på byllen mot Polen.

– Enkelt og greitt så er det ikkje bra nok. Det er slurvete, og det verkar ikkje som om ein gjennomfører den offensive planen ein har blitt samde om, sa NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp etter kampen.

– Eitt poeng her kan stikke kjeppar i hjula for VM-kvalifiseringa og gjere det meir stressande og vanskeleg enn det bør vere.

For medan Noreg avga poeng mot Polen, cruisa Belgia mot ein komfortabel 7–0 siger mot Kosovo. Dermed ligg Belgia like framfor Noreg før nasjonane skal møtast på Ullevaal stadion på tysdag.

– Det er litt frustrerande. Vi skapar sikkert ti gode målsjansar, og med normal utteljing får vi i alle fall eit par-tre mål. Men det er som det er. No stillast det endå høgare krav ved neste kamp mot Belgia, sa landslagssjef Martin Sjögren etter kampen.

– Ikkje bra nok

Starten av kampen var prega av dårlege ballberøringar og slurv frå det norske landslaget, som Polen forsøkte å dra nytte av. Men dei klarte likevel berre å skape nokre halvsjansar.

NRKs ekspertkommentator var ikkje veldig imponert over det dei norske landslagskvinnene leverte den første halvtimen.

– Det er for passivt, det verkar som om ein ikkje flyttar beina nok og er tidleg nok. Ein hamnar på etterskot der ein bør vere i forkant mot ein slik motstandar, sa Torp frå kommentatorplassen sin.

Omgangens største sjanse gjekk likevel til Noreg, gjennom Guro Reiten etter 12 minutt. Då nådde eit perfekt innlegg frå Caroline Graham Hansen Chelsea-proffen på bakarste stolpe. Men Reitens volley gjekk rett på ein sterk polsk målvakt.

– Det er rett og slett ikkje godt nok. På volleyen fokuserer eg berre på å treffe ordentleg. Eg gjer jo det, men eg ser ikkje kvar den går. Eit par sjansar, men det ville seg ikkje heilt, sa Reiten etter kampen.

Polen hadde også ein enorm sjanse til å ta leiinga i kampen, like etter at halvtimen var spela. Då enda ballen opp med Weronika Zawistowska, åleine med Cecilie Fiskerstrand, men avslutninga sleiva ho til side for det norske målet.

– Vi har ikkje kontroll på kampen no. Vi er litt for passive i speloppbygginga, vi spelar ballen bak og inviterer Polen til å stresse oss til å gjere feil. Vi må få meir kontroll på speloppbygginga vår for å få flyt i angrepsspelet, sa Sjögren til NRK i pausen.

Løfta seg

Og Sjögren fekk sitt landslag til å løfte seg i den andre omgangen. Det første kvarteret klarte dei norske kvinnene å skape fleire gode moglegheiter, men avslutningane trefte ikkje det polske målet.

– Dersom dette held fram må det jo bli mål, sa NRKs kommentator Christian Nilssen etter at Noreg hadde produsert fleire sjansar på kort tid.

Men etter dette klarte Polen å få kontroll på dei norske angrepsspelarane, samtidig som dei fekk tida til å gå.

Heilt til det var spela 94 minutt. Då enda ein corner opp hos Vilde Bøe Risa på bakarste stolpe, som har bortimot opent mål. Men avslutninga gjekk over målet til Polen.

– Der kom den gylne moglegheita til Vilde Bøe Risa, som ikkje klarar å få den under tverrliggaren. Målet står og gapar, sa Nilssen.

Dermed enda det mållaust i den viktige VM-kvalifiseringskampen, og Belgia har sett inn eit press på Noreg før dei to nasjonane møtast på tysdag.

– Vi får det ikkje til å stemme i dag, og det er sånt som skjer på dette nivået. Men det er ikkje mange dagane til vi skal spele ein ny kamp, så då skal vi sørge for at det kjem ein ny utgåve, sa Reiten.

Siste nytt

  • IOC-presidenten vil vise at Seinen er trygg før OL: – Jeg bader gjerne

    President for Den internasjonale olympiske komité (IOC) Thomas Bach (70) er klar for en dukkert i Seinen før sommerlekene i Paris 2024.

    – Jeg har ikke mottatt en invitasjon ennå, men jeg bader gjerne hvis jeg får det. Jeg håper det ikke er for kaldt, sa Bach under fredagens pressekonferanse.

    Paris-ordfører Anne Hidalgo skal svømme i Seinen sammen med den franske presidenten, Emmanuel Macron, og flere av OL-sjefene før lekene for å bevise at vannkvaliteten i elven har blitt bedre.

    Hidalgo har uttalt at hun kommer til å hoppe ut i vannet i slutten av juni eller begynnelsen av juli.

    Før OL blir Seinen, som er sterkt forurenset, renset for enorme kostnader. Utendørssvømmerne og triatletene skal konkurrere i elven under lekene, som starter 26. juli.

    Fra sommeren 2025 vil publikum også få lov til å svømme i Seinen i enkelte områder, noe som har vært forbudt siden 1923. (NTB)

    Thomas Bach IOC
    Foto: AP
  • Mol/Berntsen ute av verdenstouren i Brasilia – tapte mot amerikansk duo

    Sandvolleyballduoen Hendrik Mol og Mathias Berntsen er ute av verdenstouren i Brasilia etter tap i to strake sett mot et amerikansk lag.

    Natt til lørdag tapte Mol og Berntsen 21-19, 21-15 mot Miles Partain og Andy Benesh. Vinneren fikk plass i cupspillet.

    Dermed er den norske duoen ute.

    Nordmennene møtte det amerikanske paret etter å ha tapt klart for de brasilianske hjemmefavorittene George og Andre – noe som var deres andre strake tap i gruppespillet.

    Nordmennene kvalifiserte seg til hovedturneringen ved å vinne to kamper onsdag.

    Norges stjerneduo Anders Mol og Christian Sørum mister både denne og flere andre turneringer etter at Mol brakk beinet under trening i mars. Han har fått operert inn en skinne i leggen.

    Mol og Sørum er regjerende OL-mestere og har lekene i Paris som årets hovedmål.

    Turneringen i Brasilia er årets tredje av ni elite-16-turneringer. (NTB)

    Hendrik Mol
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Ingebrigtsen-rival om ordkrigen: – Lar ikke noen bagatellisere karrieren min

    Det har vært mye frem og tilbake mellom Josh Kerr og Jakob Ingebrigtsen etter at Kerr spurtslo Ingebrigtsen i VM-finalen på 1500 meter i fjor.

    Ingebrigtsens kommentar om at Kerr bare var «den neste fyren» førte til en rekke kommentarer frem og tilbake i høst. I vinter sa Ingebrigtsen at han hadde slått Kerr med bind for øynene etter at Kerr løp inn til bestenotering i verden på to engelske mil innendørs.

    Kerr har på sin side blant annet sagt at Ingebrigtsen mangler manerer og oppfører seg respektløst.

    I en podkast utgitt torsdag trakk Ingebrigtsen frem at han mente han ville vinne enkelt i OL, så fremt han ikke ble syk eller skadet. I samme podkast uttalte han også at noen av konkurrentene var «drittsekker og idioter».

    I et intervju publisert i The Times fredag, er Kerr tydelig på hvorfor han har tatt til motmæle mot Ingebrigtsen.

    – Jeg kommer alltid til å si det jeg tenker og jeg lar ikke noen bagatellisere karrieren min med kommentarene deres. Jeg vil kjempe tilbake med mine egne kommentarer. Jeg vil kjempe tilbake med resultater, sier Kerr.

    Briten trekker det frem som en grunn til at han velger å stille i Eugene 25. mai, hvor han møter Ingebrigtsen over én engelsk mil.

    – Jeg har respekt for konkurrentene mine, men jeg er ikke ute etter å få venner. Det virker til å irritere folk, men det er greit. Det er den jeg er, sier Kerr.

    Ingebrigtsen Kerr
    Foto: Matthias Schrader / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal