– Det var tungt, altså, var Kristoffersens første kommentar til NRK etter at han hadde køyrt inn til det som då var niandeplass, men som etter kvart vart 12.-plass.
– Ted må ha køyrt styggfort, sa han om Ted Ligety. Amerikanaren leier, 2,19 betre enn Kristoffersen.
Leif Kristian Haugen er nummer 15 etter første omgang. Kjetil Jansrud er nummer 21 og Aksel Lund Svindal 24. Alle desse får dermed køyre finaleomgangen. Dit kom ikkje Rasmus Windingstad og Bjørnar Neteland, dei blei nummer 35 og 44.
Henrik Kristoffersen bomma litt i ein sving i første henget, og makta aldri å finne tilbake til farten og rytmen.
Tverrslag
– Tilhøva var stort sett bra, men det var blitt nokre tverrslag, sa Kristoffersen, som hadde startnummer 14. – Det var røft der oppe, men slik er det.
Leif Kristian Haugen er nest best av dei norske, 2,68 bak. Kjetil Jansrud og Aksel Lund Svindal fekk det heller ikkje til i Sölden.
Fjorårsvinnar Marcel Hirscher starta først, men vart slått med 17 hundredeler av Ligety, som kom to startnumer seinare. Thomas Fanara og Roberto Nani er også innan rekkevidda av teten med sine 33 og 63 hundredeler bak, men deretter er avstandane store.
– Eg er nøgd med omgangen, sa Ligety til NRK. – Men vi er berre halvveges, la han til.
Aksel: – Vanskeleg
Aksel Lund Svindal køyrde det som nærmast var eit comeback etter at omtrent heile førre sesong vart spolert av skade. Han var overraska over vanskane i løypa.
– Eg trudde ikkje løypa skulle vere så vanskeleg. Dette er forhold eg ikkje har på trening, for å seie det slik, sa han om traseen som var nokså humpete då han starta som nummer 17.
– Dette var skuffande. Eg skulle så gjerne ha levert betre i dag, sa Svindal.