– Sist eg rodde med hanskar var på treningsleir i 2007, seier Kjetil Borch.
Etter forsøksheatet i dobbelsculler var det ein del å rette på for duoen Kjetil Borch og Olaf Tufte. Landslagssjef Johan Flodin seier dei brukte mykje tid på å finne ut kvifor Borch hadde so dårleg grep på årene.
I dag tok dei seg vidare til finale.
– Det var nokre saker me måtte endre på, me måtte finne nye hanskar og endre grep. Me brukte mykje tid på det.
Borch beskriv i detalj kva som skjer med hendene i det salte Rio-vatnet.
– Huda losnar i løpet av oppvarminga, og når du får vatn på den losna huda som ligg på årehandtaka blir det såpeglatt. Eg slit so med å halde at eg blir stokk stiv i underarmane.
– Heng berre i fingertuppane
Borch fortel at han måtte konsentrere seg 100 % for å halde grepet på åra.
– Det er som å henge i ei stong i 6 minutt. Du blir meir og meir sveitt i hendene, og til slutt heng du berre i fingrane.
Det er uvanleg for roarar å bruke hanskar, og det er første gong Borch brukar det i konkurransar.
– Er du nøgd med valet om å bruke hanskar?
– Ja, veldig, veldig fornøgd.
Borch har også bytta åregrep til favorittgrepet sitt.
– Eg har bytta årehandtak til det me sette banerekord på Årungen med. Dei er laga av naturgummi og blir raskt utslitne, difor sparte eg dei til semifinalen.
Ikkje same problem
Flodin forklarer at det er noko spesielt med vatnet i Rio som gjer at Borch sleit med grepet.
– Det er ein olje i vatnet. Ein merkar det når ein polerer båtane også. Det hemma Kjetils prestasjonar, og han var forbanna. Det er veldig mange som slit med det her i Rio.
I dag var det derimot ingen teikn til at Borch sleit med grepet. I lag med Tufte hadde dei ingen problem med å ta seg vidare til finale.
– Dei er sterke nok til medalje, men det skal gjerast, også, seier landslagssjef Flodin.
Medan Borch hadde problem i forsøksheatet, seier landslagssjef Flodin at det ikkje gjaldt Tufte.
– Olaf har ikkje hatt same utfordringa.
Det meiner Borch er fordi han sit fremst i båten, og ikkje får same mengda vatn spruta på seg.
– Han har ingen som sprutar vatn på han, difor treng han det ikkje. So enkelt er det.