– Vi ønskjer ikkje å bli diskvalifisert, seier han til Reuters.
Russland møter Slovakia i Lille i ettermiddag.
– Våre supporterar må konsentrere seg om å støtte oss, og vi må vise våre beste kvalitetar. Vi vil vere her, og det ville vere dumt og svært skuffande for heile landet om vi blir sende heim.
– Dette er ikkje noko meisterskap i gateslagsmål. Dette er fotball-EM, seier Dzjuba.
Også direktør Martin Glenn i det engelske fotballforbundet ber innstendig Englands tilhengarar om å oppføre seg på «ein positiv og respektabel måte».
Politiet med jerngrep om Lille
Politiet tar ingen sjansar før Russlands kamp mot Slovakia i ettermiddag. Og hittil har kampdagen vore roleg i Lille.
Russlands kamp mot Slovakia i Lille kan bli avgjerande for om Russland går vidare i EM – i dobbel forstand.
Dessverre er risikoen for å bli sparka ut, større enn risikoen for å bli slått ut.
Taper spelarane, har dei likevel ny kamp og ein siste sjanse. Men bråkar fansen, må også spelarane rett heim.
4000 politifolk og «spottarar»
Kampen i dag går i Lille i Nord-Frankrike. Der er det sett inn ekstra store politistyrkar. Rundt 4000 politifolk er i Lille, og 2400 i nabobyen Lens, skriv The Guardian.
I tillegg skal «spottarar» frå britisk og russisk politi assistere lokalt politi.
All alkoholservering er også stengd i Lille i heile dag.
Allereie i går kveld var det tilløp til konfrontasjonar, i det opptil 15.000 russarar kom til byen.
Så spørst det om politioppbodet likevel er godt nok:
Tilstrøyming også av britar
Samstundes er det også tilstrøyming av britar. England og Wales møtest i nabobyen Lens, mindre enn 40 km unna, i morgon. Britisk politi reknar med at minst 70.000 britar tar den relativt korte turen til Nord-Frankrike.
Lens er ein liten by med berre 35.000 innbyggjarar, og har ikkje hotellkapasitet til alle tilreisande. Derfor bur mange av dei i Lille.
Leiinga i regionen har bedt britane om å halde seg unna Lille til i morgon.
På Russlands kamp i kveld lovar politileiinga omfattande tryggingstiltak. Dei vil ikkje ha nokon reprise av bråket i Marseille.
– Vi vil ha folk på tribunane, klare til å gripe inn ved minste tilløp til bråk mellom supportergrupper. Og det vil vere store styrkar også utanfor stadion. Heile byen kjem til å bli halde i eit politi-jerngrep, seier regionleiaren.