Om det blir meir russisk fotballbråk, blir Russland kasta ut av EM

Russland blir kasta ut av EM dersom russiske supportarar er involvert i fleire tilfelle av fotballbråk, har UEFA avgjort.

Russisk-engelsk kamp

KASTA UT: Slike scener som i Marseille før helga vil ikkje fransk politi sjå når England og Russland flytter seg til Nord-Frankrike denne veka. Derfor blir ei hard kjerne av russiske supportarar utviste frå Frankrike

Foto: JEAN CHRISTOPHE MAGNENET / Afp

Det er straffa Russland får etter bråket mellom russiske og engelske fotballsupporterar under kampen melom Russland og England i Marseille laurdag. Russland må også betale ei bot på 150.000 euro.

UEFA har etterforska hendingane, og offentleggjorde dommen i dag.

Russlands neste kamp er mot Slovakia i Lille i morgon. Dagen etter møter England Wales i Lens, mindre enn 60 km unna.

Fyrer tilbake på engelsk media

Det vil vere ei stor skuffing for heile landet om me må reise frå meisterskapet. Supportarane må halde fokus og støtte oss på lovleg vis. Me må unngå desse farlege situasjonane og me insitererer på at supportarane må fylgje dei ramme som er lagt, sa landslagstrenar Leonid Slutskyi på pressekonferanse før kampen i dag.

Angripar Artem Dzyuba var også på pressekonferansen, han fyrte tilbake på både engelsk media og fans.

– Eg skjønar ikkje heilt reaksjonane frå britisk media. Dei har eit inntrykk at engelske supportarar er englar og at dei oppfører seg bra. De må vere objektive. Det var 50/50, og i alle konfiktar er det to partar, alle må sjå og kommunisere med supportarane. Det er ikkje berre russarane som er dei slemme, sa Dzyuba.

Samtidig understreka Zenit St.Petersburg spelaren at han ikkje likar at fotball og politikk blir blanda saman.

Me vil ikkje ha politikk i fotball. Før kampen mot Slovakia snakker folk om ting som ikkje handlar om fotball. Me håpar at folk vil fokusere på fotball før kampen. Me har sagt det fleire gonger nå at våre fans vil oppføre seg som fotballsupportarar i neste kamp, sa Dzyuba tydeleg irritert etter fleire spørsmål om opptøyene dei siste dagane.

Supportarar kasta ut av Frankrike

Ei gruppe russiske fotballsupportarar blei kasta ut av Frankrike i dag, fordi politiet frykta at dei ville lage bråk under fleire EM-kampar denne veka.

Det er ikkje opplyst kor mange som blir utviste.

Men ei gruppe på 29 russarar som budde på eit hotell ved Marseille er ifølgje telegrambyrået AFP sjekka av fransk politi, og fleire av dei er allereie internerte i ein bygning på den franske grensa.

– Vi sjekkar om dei står på lista over personar vi ser på som tryggingsrisiko, seier ein talsmann for politiet.

Politiet meiner at russarane hadde tenkt seg til Lille til Russlands kamp i morgon.

Slapp unna etter Marseille-bråket

Franske styremakter vil gjere alt for å unngå ein repetisjon av kampane mellom russiske og engelske fotballsuoopotarar i Marseille laurdag. Seks britar var arresterte og utviste etter den hendinga.

Politiet trur at så mange som 150 «velutstyrte og godt førebudde» russarar slapp unna pågriping etter kampane.

Det europeiske fotballforbundet har granska hendingane i Marseille, og trua begge landa med straff. UEFAs reaksjon er venta seinare i dag.

Sidan EM opna fredag har politiet utvist 63 personar av frykt for bråk, og politiet har også fått høve til å stenge all alkoholservering i området rundt arenaene.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal