– Vi visste alle at meldonium blei forbudt etter nyttår. Han (Kulizjnikov) har ikkje tatt det på eitt år, seier trenar Dimitrij Dorofeev.
Den suverent beste skøytesprinteren i verda, med VM-gull og verdsrekord på 500-meter, er ein av mange russiske idrettsutøvarar som no har testa positivt for stoffet meldonium.
Dopingmiddelet, som blir brukt som hjartemedisin i Aust-Europa, kom på WADAs antidopingliste 1. januar i år.
– Sit i kroppen i eit par dagar
Trenaren meiner at Kulizjnikovs prøve kun har hatt spor av meldonium, som kan komme av bruk langt tilbake i tid.
Det tviler medisinsk sjef i Antidoping Norge på.
– Eg synst at det høyrest betenkeleg ut at det skal vere i kroppen over lengre tid. Halveringstida skal vere kort etter enkeltdoser. Det sit kanskje i kroppen i eit par dagar etter bruk, seier Per Wiik Johansen.
Sjølv hyppig bruk av meldonium er vanskeleg å spore, trur Wiik Johansen.
– Ved hyppig bruk kan det vere i kroppen over betydeleg lengre tid, men det er vanskeleg å uttale seg om når eg har så lite data på korleis stoffet blir omsett i kroppen, seier den medisinske sjefen.
– Men eg trur han må ha brukt det ganske tett opp til nyttår for at det fortsatt skal vere spor, legg han til.
Spår fleire saker
Så langt har elleve idrettsutøvarar testa positivt for stoffet etter at det blei ulovleg. Flesteparten kjem frå Russland.
Wiik Johansen trur vi kan vente oss fleire avsløringar.
– Eg trur det kjem fleire saker. Dette kan gjelde ulike utøvarar frå fleire land, men slik det ser ut no vil det komme meir, seier Wiik Johansen.
Bruken av stoffet blei overvåka gjennom heile fjoråret.
– I180 til190 av testane fann ein meldonium. Tre fjerdedelar av dei positive prøvane var tatt i konkurranse, 25 prosent blei avslørt utanfor konkurranse, seier Wiik Johansen.