NRK Meny
Normal

– Det er absolutt ein ny generasjon på veg opp

Henrik Kristoffersen, Marcus Monsen og Rasmus Windingstad sørgde for trippel norsk i storslalåm i junior-VM.

Henrik Kristoffersen

Bronsevinnar i slalåm frå Sotsji-OL, Henrik Kristoffersen, var overlegen i storslalåm i junior-VM.

Foto: RUBEN SPRICH / Reuters

Dei norske alpinistane var overlegne i storslalåm i junior-VM i slovakiske Jasna tysdag.

Bronsevinnar i slalåm frå Sotsji-OL, Henrik Kristoffersen, held fram den gode sesongen og var suveren i dagens renn. 19-åringen var høvesvis 1,03 og 1,20 sekund framfor lagkameratane Marcus Monsen (18) og Rasmus Windingstad (20). Trioen var òg dei tre beste etter 1.-omgang.

– Frisk gjeng som ikkje fryktar noko

– Det er ein maktdemonstrasjon av gutane med store avstandar, seier sportssjef Claus Johan Ryste til NRK.no.

Claus Johan Ryste

Sportssjef Claus Johan Ryste er imponert over juniorgutane etter dagens storeslem i storslalåm.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I tillegg leverte Adrian Smiseth Sejersted (19) ein strålande 2.-omgang og køyrde seg opp frå 21.- til 8.-plass.

Ryste fortel at Noreg no har fleire gode løparar i alle disiplinar.

– Me får ein fornya tru på det me driv med. Me har ein bra kultur, og mange av desse kjem til å ta steget heilt opp slik Kristoffersen alt har gjort, fortel han og legg til:

– Det er ein ung og frisk gjeng som ikkje har frykt for noko.

Kristoffersen storfavoritt i slalåm

Sportssjefen meiner dagens prestasjonar syner ein ung gjeng som er målretta og jobbar hardt, samt eit trenarteam som har gjort ein kjempejobb.

– Det er absolutt ein ny generasjon på veg opp, seier Ryste.

Noreg har så langt teke seks medaljar i junior-VM. Sejersted tok gull i utfor og sølv i kombinasjonen, medan Monsen tok bronse i kombinasjonen. I morgon er det slalåm for gutane og utfor for jentene.

– Ny trippel i slalåm vert vanskeleg, men Henrik er i form og vil med full klaff verta vanskeleg å slå. For jentene kan me venta topp ti-plasseringar, seier Ryste.

Gratulasjonar frå Svindal og Jansrud

Både Aksel Lund Svindal og Kjetil Jansrud var raskt ute med å gratulera sine yngre lagkameratar.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM Bryting