Hopp til innhold

Karlsson-trenar åtvarar – fryktar at sjuke utøvarar kjenner seg tvinga til å konkurrere

Frida Karlsson mista verdifulle verdscuppoeng på grunn av korona. No foreslår trenaren hennar at ikkje alle renn skal telja i verdscupsamandraget – og får støtte.

Frida Karlssomn og trener Per Nilsson

VIL HA NYE REGLAR: Per Nilsson, trenar for Frida Karlsson og Tyskland, meiner poengsystemet i verdscupen kan presse utøvarane til å konkurrere med sjukdom i kroppen.

Foto: NRK/NTB

Verdscupen i langrenn er hardt ramma av koronaviruset – og andre forkjølingsvirus. I Noreg har både Sjur Røthe og sist vinters samanlagtvinnar i verdscupen, Tiril Udnes Weng, vorte tvinga til å utsetja sesongstarten på grunn av viruset.

Røthe skal gå sitt første renn i verdscupen i Östersund denne helga, etter å ha vorte kalla inn som reserve for ein sjuk Martin Løwstrøm Nyenget.

I tillegg har både Astrid Øyre Slind og Anna Svendsen meldt forfall til renn i Östersund på grunn av sjukdom.

I Gällivare sist helg måtte fleire av dei svenske stjernene stå over verdscupen på heimebane. Blant dei: Frida Karlsson. Ho hadde små symptom, men nok til at trenaren hennar, Per Nilsson, sa blankt nei til at ho fekk starte.

u-U6LAieaUk

VART SJUK: Frida Karlsson måtte stå over verdscupen i Gällivare.

Foto: Joe Klamar / AFP

No fryktar Nilsson at andre utøvarar i same situasjon lèt seg freista til å konkurrera med sjukdom i kroppen.

– Verdscupen har ein bra status. Når alle verdscuprenn tel, vil ein gjerne gå alle løp for ikkje å tapa poeng, og det kan vere ulykksalig ut frå aspektet med helsa til dei aktive, seier han til NRK.

– Kjennest litt feil

Derfor foreslår Nilsson at ikkje alle renn skal telja.

Vinn du flest løp, men du er ikkje med i totalen fordi du blir sjuk, så kjennest det litt feil. Synest eg, seier han.

Nilsson viser til at det tidlegare var mogleg å stryka tre renn i verdscupen i skiskyting, eit system rett nok den idretten òg har gått bort ifrå.

Det var jo diskusjonar her om året for dei òg, at dei kjenner seg litt tvinga til å konkurrere. Ein kan vere sjuk, men ein kan jo òg vere ordentleg sliten med det tøffe konkurranseprogrammet, seier Per Nilsson.

I mars gjekk Johannes Thingnes Bø verdscuprenn trass positiv koronatest.

Les også Gikk verdenscup etter positiv koronatest: – Jeg blir flau

Bø

Forslaget får støtte av ei rekkje utøvarar, mellom anna av Tiril Udnes Weng. Verdscupvinnaren frå i fjor har enno ikkje komme i gang med sesongen på grunn av koronaviruset.

– Om me kunne stroke to renn, til dømes, så hadde ikkje ein sjukdomsperiode vore så avgjerande, påpeikar ho overfor NRK.

Får støtte

Eg ønskjer det gjerne velkommen, for det er eit vanvitig tøft rennprogram, og eg skulle gjerne teke ei helg av i løpet av ein sesong, seier Pål Golberg.

Golberg vann verdscuprennet i Gällivare laurdag. Sist vinter kjempa han lenge om samanlagdsigeren i cupen, før han måtte gi tapt mot Johannes Høsflot Klæbo.

0_iQx8iJczA

KONKURRERER MYKJE: Pål Golberg har allereie gått ni renn i vinter. Haldar han seg frisk, blir det rundt 30 til.

Foto: Ulf Palm / NTB

Klæbo, som allereie har mista renn denne sesongen på grunn av sjukdom, synest òg tanken er god.

Det er klart at for utøvarane hadde det sikkert vore godt. Samtidig skjønner eg at FIS vil ha alle på start til ein kvar tid. Det vil alltid vere to sider av ei sak, seier Klæbo til NRK.

Nettopp for å få flest mogleg av dei beste til start så ofte som mogleg, endra Det internasjonale skiforbundet (FIS) poengsystemet i langrenn før førre sesong. Det nye systemet gjer at det skil mykje mindre mellom ein siger og til dømes ein tiandeplass.

Med poengsystemet ein hadde før, så var det litt meir «fair». Viss ein vart nummer ein, to eller tre, så hadde det ikkje like stor betydning om ein mista eit renn her og der. Spørsmålet er om me bør ha «back to basic» i staden, seier distansestjerna til svenskane, Ebba Andersson.

Vil ikkje gå med sjukdom

Som eit alternativ støttar ho Per Nilssons forslag.

Det er ikkje ein heilt dum tanke å ha det som Per foreslår heller, men uansett kjem jo helse først. Konkurrerer ein viss ein ikkje er i hundre, då trur eg ein øydelegg litt for seg sjølv, seier Andersson, og får støtte av Golberg.

Eg trur folk er såpass redde for å konkurrera med sjukdom i kroppen. Det blir opp til kvar enkelt, då, men for meg er det i alle fall uaktuelt å gå skirenn viss eg kjenner på noko som helst form for sjukdom.

michal lamplot

VIL TILPASSA KALENDEREN: Renndirektør Michal Lamplot.

Foto: JOHANNA WALLEN / BILDBYRÅN

Renndirektøren for langrenn i FIS, Michal Lamplot, understrekar overfor NRK at han ikkje tidlegare har høyrt om forslaget. Derfor synest han òg at det er vanskeleg å ha ei klar meining.

Generelt ønskjer me at så mange utøvarar som mogleg skal konkurrera regelmessig. Langrennssesongen er ikkje så lang, så me bruker poeng og premiepengar for å motivera utøvarane til å konkurrera meir, seier han.

Legger inn frihelgar

Renndirektøren ser samtidig poenget.

– Me ønskjer definitivt ikkje at utøvarar som er sjuke eller bryggjar på sjukdom skal konkurrera. Men det må dei avgjera sjølv, fastslår han.

Lamplot fortel at FIS ønskjer ein verdscupkalender som skal gi utøvarane kvileperiodar undervegs.

Ideelt skal me ha konkurranse tre helgar på rad, deretter ei helg fri for trening og restitusjon, og såg ei ny blokk, seier han.

Spilles av
Nusa med drømmescoring - bilder fra TV 2 Direkte
Neste

Siste nytt

  • Brann én seier unna seriegull i Toppserien – slo tabelljumbo Kolbotn 5–1

    Brann-spillerne gjorde jobben og vant 5–1 borte mot Kolbotn i Toppserien søndag. Snart kan de trolig slippe gulljubelen løs.

    Nora Lie Eghdami og Signe Gaupset scoret hvert sitt mål før hvilen i kampen mot Toppseriens bunnlag.

    Like etter pause reduserte Camilla Linberg, men Amalie Eikeland og Brenna Lovera (to scoringer) sørget til slutt for en komfortabel trepoenger.

    Seieren gjør at det stadig er sju poeng ned til Vålerenga på 2.-plassen. Med seier over Rosenborg neste runde blir det umulig for Oslo-klubben å ta igjen forspranget. (NTB)

    en gruppe fotballspillere som omfavner
    Foto: Thomas Fure / NTB
  • Viking slo tilbake i snødrevet – tilbake på tabelltopp

    Etter Bodø/Glimt-seier i Sarpsborg, var Viking på desperat poengjakt i Tromsø for å henge med i gullkampen i Eliteserien.

    Snødrevet over Romssa Arena gjorde det ikke enklere, selv om det ikke gikk utover spilleforholdene i stor grad.

    Drøye timen var spilt da Sondre Bjørshol hadde sneket seg opp fra sin høyreback og stupheadet inn 2-1 for siddisene.

    – De har snudd det! Dette her vil være en stor seier for Viking, hvis dette holder inn, kommenterte Endre Olav Osnes for TV 2.

    Det var nemlig hjemmelaget som hadde tatt ledelsen, da Jens Hjertø-Dahl kriget inn 1-0 etter et hjørnespark.

    Ledelsen holdt ikke lenge. Fra ledermålet og fram til dommer Espen Eksås blåste straffespark i den andre enden, tok det kun 1 minutt og 9 sekunder.

    Tromsø-stopper Tobias Guddal var for tøff da han gikk i rygg på Peter Christiansen i eget felt:

    – Jeg blir for heit i hodet og skal løse det bedre neste gang, sa Guddal om forseelsen til TV 2.

    Dansken trillet ballen rolig inn Jakob Hauggards venstre hjørnet.

    I andre omgang presset Tromsø på for å gå opp til 2-2, men det var Viking som sto bak kampens siste mål. Nok en gang fra straffemerket.

    Denne gangen via Nick D'Agostino som klasket ballen inn via tverrliggeren.

    Rogalendingene er med 3-1-seier tilbake på tabelltoppen, poenget foran Glimt – med fem fulle serierunder igjen å spille. Kjetil Knutsens menn har én kamp til gode.

    Sondre Bjørshol Viking
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB
  • Ruud suveren da han sikret årets andre tittel

    Casper Ruud vant finalen i ATP 250-turneringen i Stockholm.

    26-åringen fra Snarøya hadde full kontroll fra start til slutt i søndagens finale mot franske Ugo Humbert.

    – Jeg vet du kommer til å ødelegge meg hvis jeg ikke spiller på mitt beste, sa Ruud til arrangøren etter kampen, i et intervju vist på TV 2.

    Nordmannen vant i strake sett (6-2, 6-3).

    Det er Ruuds 14. tittel i karrieren, men hans første på innendørs hardcourt.

    Prins Daniel og Casper Ruud

    Ruud suveren i Stockholm: – Beklager

    Først beklaget Casper Ruud til motstanderen, så sendte han en hilsen til kronprinsparet.

Sendeplan

Kl. Program Kanal