Målvakt Oda Marie Bogstad frå Klepp, forsvarsspelar Kristine Leine frå Røa og midtbanespelar Frida Maanum frå Stabæk er med for første gong. Maanum er berre 17 år.
– Eg er overraska over Bogstad, seier NRKs Tom Nordlie.
– Og over Frida Maanum, ho er ein spennande spelar.
Landslagssjef Martin Sjögren seier at uttaket ikkje var spesielt vanskeleg. Det var hans første meisterskapstropp.
– Det er ein spennande tropp, seier han.
– Men det er vanskeleg å sjå kor langt det vil rekke i EM.
– Spennande tropp
– Det er mange nye som skal få meisterskapserfaring. Men eg har ikkje kjensle av at det er mykje nytt, det er spelarar som har vore med på mykje likevel, seier landslagskaptein Maren Mjelde til NRK.
NRKs Lise Klaveness synest også troppen er spennande.
– Det er ein god tropp. Men vi treng at profilane våre er gode for å nå langt, seier Klaveness.
– Om eg skal lufte ei bekymring, er at vi var så nøgd med USA-kampen. det var eit heiderleg tap. Eg saknar litt av råskapen, seier Nordlie.
Generalprøve mot Frankrike
Han vil bruke EM-kampplanen i generalprøven mot Frankrike 11. juli.
– Det ville eg gjort utan omsyn til om vi avslører noko, seier Nordlie.
– Korleis går det med Norge i EM?
– Går vi vidare, kan alt skje. Det har vi sett før. Er vi skikkeleg uheldig, ryk vi ut i gruppespelet, seier Nordlie.
– Vi treng at Ada Hegerberg bøttar inn mål, at Ingrid Hjelmset tettar igjen bak, og at «boksopnar» Caroline Graham Hansen fungerer. Deter heilt avgjerande, seier Klaveness.
Kampane i EM:
16. juli: Norge - Nederland, 18.00.
20. juli: Norge - Belgia, 18.00.
24. juli: Norge - Danmark, 20.45.
29. juli: Kvartfinaler.
3. august: Semifinaler.
6. august: Finale.