Tvillingane Jonathan og Kevin er kjende frå før. Kevin tok bronse på 400-meteren i VM i Sør-Korea for to år sidan.
Denne gongen hadde dei fått selskap av yngstebror Dylan, som debuterte i VM, og Belgia starta i det andre av dei tre heata.
Førstemann var ikkje i familien. Han heiter Antoine Gillet og sprang startetappen. Det gjorde han ikkje særleg godt, derfor var det ein sterk prestasjon av Jonathan å springe Belgia fram til tredjeplass.
Dylan fall ned til fjerdeplass på tredje etappe, men Kevin var sterk på sisteetappen og sikra Belgia tredjeplass i heatet. USA og Trinidad og Tobago vart for sterke.
Det førte til nokre nervøse minutt for Belgia, ettersom berre dei to beste var automatisk kvalifiserte. Men dei kunne puste letta ut: Tida heldt likevel til ein av dei to siste finaleplassane.
Finalen går fredag kveld.