– Når dei reine utøvarane ser at utøvarar som har mista OL-gull og er utestengde på livstid, likevel får konkurrere, så blir alt eit rot. Slik skal det ikkje vere, seier Travis Tygart.
Han er leiar av USAs antidoping-byrå og mannen som har fått æra for å ha avslørt Lance Armstrong for dopingbruk.
14 russiske utøvarar – av dei seks langrennsløparar – er utestengde frå OL på livstid på grunn av opplysningar som er kome fram i den såkalla McLaren-rapporten. Men i førre veke gav likevel det internasjonale skiforbundet FIS dei same løparane grønt lys for å delta i verdscupen, iallfall inntil vidare.
Tygart og mange andre idrettstoppar er i desse dagar samla på konferansen «Play The Game» i Nederland.
– Det er ein meir uoversiktleg situasjon enn nokon kunne ha føresett. Vi må snarast få til ei ordning som gir dei rette føresetnadane for reine utøvarar, legg han til.
Også WADA-sjef Craig Reedie synest det er uheldig at russiske langrennsløparar får gå verdscuprenn.
– Det er forvirrande. Denne forvirringa må vi få stansa så snart som mogeleg, seier Reedie til NRK.
FIS: – Ventar på dokumentasjon
AVVENTAR: – Vi ventar på den dokumentasjonen IOC har brukt som bakgrunn for si avgjerd, men den har vi ikkje fått enno, seier FIS' visepresident Sverre Seeberg
Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpixVisepresident i FIS og tidlegare norsk skipresident Sverre Seeberg forstår at dette kan sjå forvirrande ut.
– Men vi må også rette oss etter dei lover og reglar som er. Vi kan ikkje dømme folk berre på grunn av nasjonalitet. Vi nå ha konkrete saker på kvar enkelt utøvar, og det er det vi ventar på, seier Seeberg til NRK som ein reaksjon på det Tygart og Reedie seier.
– Det er det vi ventar på, på same måte som det internasjonale skiskyttarforbundet og fleire andre forbund.
FIS ventar framleis på dokumentasjonen IOC har lagt til grunn for å stenge russarane ut frå OL.
– Dette trudde vi at vi skulle få for ei stund sidan. Vårt dopingpanel behandlar desse sakene, og panelet sit klar. Vi håpar vi skal få dokumentasjonen ein av dei aller første dagane.
Viktige rapportar klare om få dagar
Utestengingane er gjort på bakgrunn av IOCs granskings- og disiplinærkomité, ein komité som blei utpeika i fjor sommar.
IOC har også oppnemnt to kommisjonar som skal granske opplysningane i McLaren-rapporten. Ein av kommisjonane er leia av Denis Oswald – som også leier disiplinærkomiteen – og skal granske dei 28 russiske utøvarane som McLaren har nemnt.
Den fullstendige Oswald-rapporten skal vere klar før 5. desember når IOC skal avgjere om Russland som nasjon skal utestengjast frå OL i vinter.
Det er indisiane frå Oswald-rapporten IOC har lagt til grunn for utestengingane. Ingen av dei utestengde har avgitt positive dopingprøver.
Den andre kommisjonen, leia av Samuel Schmid, skal granske påstandane om systematisk og offentleg organisert juks med dopingprøvene under OL i Sotsji i 2014. Også den skal vere klar før 5. desember.