Hopp til innhold

Toppserielag må dele bane med barn: – Håpar skilnadane blir jamna ut etter kvart

Sjølv om Røa konkurrerer i noregstoppen, må laget dele bane med det yngre laget til klubben. Økonomien strekk ikkje til.

Football, Toppserien, Røa - Arna-Bjørnar

SKADAR: Ingen har råd til å vanne banen til Røa. Det kan føre til skadar.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / Bildbyrån

I dagane før oppgjeret mot byrival Vålerenga i Toppseriens andre runde, har Røa-spelarane trena godt, på heile kunstgrasbana.

Det er ikkje alltid dei har den luksusen.

Deler bane med yngre lag

Kvar veke må dei nemleg dele bane med nokon av dei yngre laga til klubben.

Til NRK fortel Røa-trenar Geir Norby at laget, når trykket på banen ikkje blir påverka av sommarferie eller koronasituasjonen, er fornøgd om dei har fått trene på heil bane eit par gonger i veka.

Røa-trener Geir Nordby

Geir Nordby skulle gjerne sett at laga hans trena litt oftare på heil bane.

Foto: Ørn Borgen / NTB scanpix

– Innimellom kunne det vore ålreit å ha heile bana. Vi deler jo bane med yngre lag på både godt og vondt, seier han og forklarer at det å skape ein relasjon mellom førstelaget og unge aspirerande spelarar er ein hyggjeleg og viktig bieffekt.

51-åringen presiserer likevel at det har vorte betre, mellom anna fordi dei no trenar tidlegare på dagen.

Viktigare enn meisterligaspel

Problemstillinga i Røa er på ingen måte sjeldan fortel Hege Jørgensen, dagleg leiar i Toppfotball Kvinner, til NRK.

– Alt i alt handlar dette om økonomi. Spør eksempelvis tittelforsvarar LSK Kvinner om kor mange gonger i veka dei har moglegheit til å trene på heil bane. Som ein finurlegheit var dette det einaste Hege Riise sa ho ønskte seg føre spel i meisterligaen i fjor.

Hege Jørgensen

Dagleg leiar i Toppfotball Kvinner, Hege Jørgensen.

Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix

Sjølv om det ikkje er uvanleg, er det ikkje alle laga i Toppserien som har dei same utfordringane som Røa. Vålerenga har til samanlikning heimebana til herrelaget som treningsfelt for seg sjølv kvar trening.

– Det er jo fantastisk at dei får tilgang til dei nye fasilitetane som klubben vel i stor grad har fått på plass i kraft av herrefotballen, seier Jørgensen og legg til:

– På den andre sida har vi positive døme i både Klepp, Sandviken og Rosenborg, som i samarbeid med både lokalt næringsliv og kommunar har klart å etablere gode fasilitetar for toppsatsinga på kvinnesida.

Vanskeleg å føle at ein er proff

Røas Ingrid Kvernvolden opplevde dei same utfordringane òg då ho spelte for LSK Kvinner.

– Vi deler bane her oftare enn vi gjorde i LSK, det har jo noko å seie for kvaliteten på treningane, seier ho til NRK.

Ho meiner at standarden Vålerenga har bør vere norma.

Ingrid Kvernvolden

Ingrid Kvernvolden ønskjer å trene meir på heil bane.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

– Vålerenga er veldig heldig som får ha ein heil bane for seg sjølv. Eg meiner jo at det burde vere eit krav for alle laga i Toppserien at når vi trenar, så får vi trene på heil bane.

Kvernvoldens lagvenninne, Hanna Terry, seier det pregar kjensla av å vere ein profesjonell fotballspelar.

– Nokon gonger er det vanskeleg å kjenne på det når ein kjem til ei trening og det er sånn, men det hjelp på å ha ein god innstilling til det.

– Vi har ikkje dei resursane som andre har, men eg lev greitt med det, legg ho til.

Røa

AVGRENSA RESSURSAR: Røa har sett ut stolar frå klubbhuset for at spelarane skal ha noko å sitje på ved Røa-banen. Her står Hanna Terry på sidelinja.

Foto: VEGARD WIVESTAD GRØTT / Bildbyrån

Ingen har råd til å vatne banen

Det er kommunen som eig heimebana til Røa, og saman med klubben vart dei samde om å leggje eit vatningsanlegg.

Undervegs i prosjektet viste det seg at kommunen ikkje hadde finansieringa dei trong for å fullføre prosjektet.

Bymiljøetaten skriv følgjande til NRK i ein e-post:

«Det vart etablert røyrsystem, men det er ikkje kopla på vatn. Ein kan ikkje kople seg direkte på offentleg vassanlegg pga. manglande trykk/vassmengd, så løysinga er å etablere ein vasstank under bakken i nærleiken av bana. Kostnaden for dette vart for stor for prosjektet, så det vart ikkje etablert.»

Dei skriv òg at klubben har fått løyve til å finansiere siste del av prosjektet.

Vanningsanlegget på Røas hjemmebane

Vatningsanlegget er installert, men ikkje i bruk.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

Per-Ivar Stokkmo, leiar for marknad og kommunikasjon i Røa IL, seier til NRK at idrettslaget ikkje synest det er riktig å bruke pengane til medlemmene på å fullføre eit kommunalt prosjekt i staden for å skape mest mogleg idrettsglede for barn og unge i Røa IL, som er hovudoppgåva til idrettslaget.

Kan bidra til skadar

– Det er klart at kunstgrasbanar er hardt for knea. Når ein har eit slikt anlegg er det jo synd at det ikkje blir brukt. Å bruke det ville nok ha hindra ein del slitasjeskadar, seier Kvernvolden som har vore sett ut av spel i store delar av dei to siste åra grunna skadar.

– Sannsynet for skadar er jo større når ein ikkje vatnar.

Trenaren hennar deler bekymringa.

– Det er stor risiko for skadar og slitasje, spesielt når det er varmt og matta blir hard. Det er ikkje gunstig for toppidrettsutøvarar. Eit vatningsanlegg på bana bør vere eit must for å ta vare på helsa til spelarane.

Nordby legg til at han i noka grad òg merkar at andre lag er skeptiske til å spele på bana.

  • Oppgjeret mellom Vålerenga og Røa blir vist på NRK 2 frå klokka 19:30 fredag.

Siste nytt

  • Norges ishockeykvinner vant etter straffer – styrer mot plass i elite-VM

    Norge kan for første gang siden 1997 år bli å se i elite-VM i ishockey for kvinner. Etter straffeseier over Nederland er opprykkshåpet tent før siste runde.

    Norge spiller for øyeblikket VM 1. divisjon i Østerrike og kjemper om opprykk sammen med flere andre lag.

    Seieren over Nederland kom i en tett affære i Klagenfurt. Etter tre målløse perioder måtte lagene ut i forlengning og etter hvert straffer. Der ble Emilie Kruse og Mathea Fischer avgjørende for Norge med sine scoringer.

    Med fredagens triumf ligger Norge to poeng bak Frankrike på tabelltopp etter fire kamper. Ungarn er to poeng bak Norge med én kamp mindre spilt, og dermed kan ungarerne klatre forbi med seier over Østerrike senere fredag.

    Ungarn og Frankrike skal imidlertid møte hverandre i siste runde, og dessuten har Norge slått begge lag tidligere i turneringen.

    Dermed trenger Norge å slå bunnlaget Sør-Korea etter ordinær tid for å sikre opprykket til elite-VM. Om lag ender likt på poeng, blir kampene innbyrdes tellende for å skille dem.

    De to beste etter fem runder rykker opp til elite-VM i Tsjekkia neste år. (NTB)

    André Lysenstøen, landslagstrener ishockey kvinner
    Foto: NTB
  • Jönsson utestengt i to kamper - Stabæk aksepterer straffen

    Stabæk-trener Jan Jönsson får to kampers karantene for hendelsen mot Vålerenga mandag. Det melder Dagbladet.

    Sportsjef Kim André Pedersen i Stabæk gjør det klart overfor NRK at klubben og Jan Jönsson aksepterer straffen.

    – Jada, vi må forholde oss til de reglene som er. Når forbundet sier det blir konsekvenser i forhold til regelverket så må vi akseptere det, sier Pedersen til NRK.

    Det var på overtid i kampen mot Vålerenga at det ble kaos med Jönsson i hovedrollen.

    Kaoset startet med at Karina Sævik løp langs streken med ballen og en motspiller etter seg. TV-bildene viste at ballen på et tidspunkt var ute, og da skjedde det noe uvanlig.

    Sævik løp videre, men på samme tid løp Stabæk-trener Jan Jönsson ut på banen og stoppet Vålerenga-spilleren med kroppen.

    Da eksploderte det på benken og Jönsson ble vist det røde kortet.

    Like etter så det ut til at han forsøkte å klemme fjerdedommeren.

    – Det var på overtid og jeg forsøker å få tak i ballen for å få tatt et kjapt innkast. Ballen hadde vært klart ute og jeg gikk en meter ut på banen for å ta den. Jeg ville få spillet i gang. Det var på overtid og Vålerenga sparket bort ballen for at tiden skulle gå ut, sa Jönsson til NRK etter kampen.

    Nå er Stabæk-treneren straffet for episoden.

    Pedersen sier klubben hadde en god prat med Jönsson etter kampen og senere i etterkant av det, for å reflekere over episoden. De er klare på at de bare må akseptere reglene og ser at Jönssons inngripen ble overivrig.

    Jönsson får ikke lede Stabæk i kampene mot Brann og Lyn.

    Ifølge Dagbladet er begrunnelsen for straffen fra disiplinærutvalget slik:

    «Disiplinærutvalget har ved sin beslutning lagt til grunn at Jönsson, ved sin inntreden på spillebanen, forstyrrer spillet og motstanderlagets spiller. I henhold til forbundsstyrets retningslinjer for sanksjoner tilsier dette en karantene på to kamper. Disiplinærutvalget har på den bakgrunn kommet til at en karantene på to kamper er en passende reaksjon på den aktuelle overtredelsen.I henhold til reaksjonsreglementet § 4-15 skal karantenen sones i de to neste seriekampene for samme lag treneren ble utvist for»

    Jan Jönsson
  • Haaland avbildet på City-trening etter skadetrøbbel

    City har publisert bildene fra dagens trening på X.

    Haaland var ikke med i sist helgs FA-cupsemifinale som endte med 1-0-seier over Chelsea. I kampen i forveien, Champions League-nederlaget mot Real Madrid, måtte nordmannen ut med en skade. Også mot Brighton torsdag var han ute av troppen.

    City-manager Pep Guardiola opplyste i forkant at jærbuen hadde slitt med et «muskulært problem».

    Haaland er delt toppscorer i ligaen med Chelseas Cole Palmer. De har begge scoret 20 mål.

    City er ett poeng bak serieleder Arsenal, men de lyseblå har én kamp mindre spilt. Dermed har de alt i egne hender i sesonginnspurten. Haaland og co. møter Nottingham Forest borte søndag. (NTB)

    I9VZqC6O-Pk
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal