Tom Tvedt bøyer seg for kulturminstaren

Etter massiv kritikk har Tom Tvedt og resten av idrettsstyret vedtok å legge alle reiserekningar på bordet, men berre for sin eigen periode. Det betyr at tidlegare utgifter blir verande hemmelege.

Tom Tvedt

GIR ETTER FOR PRESSET: Tom Tvedt opnar no reiserekningane sine for

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Idrettsstyret har svart på brevet frå kulturminister Linda Hofstad Helleland, og vil no legge alle kort på bordet, i alle fall for sin eigen periode. Dei har fatta eit vedtak i tre punkt:

  • NIF vil gje innsyn i alle vedlegg frå og med 1.1.2017
  • generalsekretæren og presidentens reiserekningar frå og med juni 2015, blir offentleggjort raskast mogleg.
  • Når ordninga blir innført, vil den innførast for denne styrets tingperiode, dvs. frå og med juni 2015.

Det blei klart på Norges idrettsforbunds idrettsstyre pressekonferanse i Førde. I går sat dei 10 timar i møte i for å ta debatten om openheit. Pressekonferansen blei utsett eit kvarter, og både idrettspresidenten og generalsekretæren hadde lite tid til pressa i etterkant.

Ingen av dei ville heller svare på kritiske spørsmål om pengebruken i Sotsji-OL.

Andersen

UNNGJEKK SOTSJI: Generalsekretær Inge Andersen ville ikkje svare på spørsmål om pengebruken i Sotsji.

Foto: Alley, Ned / NTB scanpix

Vil ikkje ta ansvar for tidlegare utgifter

I tillegg til vedtaket, har idrettsstyre sett ned eit utval som skal sjå nærmare på utlegga til NIF.

– Me har sett ned eit utval. Dei har fått eit mandat som handlar om meir enn reiserekningar. Utvalet skal sjå på korleis heile organisasjonen er sett opp på, seier idrettspresidenten.

Men alt før det noverande idrettsstyret trådde i kraft i juni 2015 blir verande hemmeleg.

–– Dette styret er klart på at vår vakt starta i juni 2015. Streken blir sett då me tiltrådte, seier Tvedt.

Tvedt vil ikkje svare på konkrete spørsmål om pengebruken rundt Sotsji-OL.

– Me set strek frå juni 2015.

Heller ikkje generalsektær Inge Andersen vil svare på spørsmål om Sotsji-OL.

– Me har hatt ein veldig grundig diskusjon, og idrettsstyret har fatta det vedtaket som dei har gjort.

Under kritikk

Tidlegare i veka gjorde kulturminister Linda Hofstad Helleland det klart at idrettstoppane måtte legge fram alle vedlegg frå og med nyttår. Etter fleire møter med idrettspresident Tom Tvedt var ho ikkje fornøgd med graden av openheit. No gir altså Tvedt etter for presset.

Helleland

ER KRITISK: Kulturminister Linda Hofstad Helleland har vore kritisk til openheita i idretten

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Siste nytt

  • Leicester klar for FA-cupfinalen

    Kelechi Iheanacho avgjorde kampen og sendte Leicester til FA-cupfinalen. Dette føre 4000 tilskodarar på Wembley.

    Tilskodarane var invitert som ein del av eit forskingsprosjekt, for gradvis sjå korleis fleire tilskodarar kan sleppast inn på balløya.

    I finalen ventar Chelsea, som slo Manchester City i semifinalen.

    Britain Soccer FA Cup
    Foto: John Sibley / AP
  • Mol og Sørum til åttandedelsfinalen

    Anders Mol og Christian Sørum vant sin gruppe i verdsserieturneringa i sandvolleyball i Mexico og er klare for åttandedelsfinalen.

    Søndag vant de gruppefinalen mot russarane Konstantin Semenov og Ilja Lesjukov med 2-0 (21-16, 21-18).

    Norges andre par i turneringa, Henrik Mol og Mathias Berntsen, er utslått etter å ha enda sist i ei knalltøff gruppe.

    Anders Mol og Christian Sørum
    Foto: Vidar Ruud / NTB
  • Tsitsipas knuste Ruuds overmann

    Grekaren Stefanos Tsitsipas (22) slo Andrej Rublev i to strake sett i finalen i Monte-Carlo Masters. Han vann 6-3, 6-3 og kalla sigeren sin største så langt i karrieren.

    Han tok dermed sin første Masters 1000-tittel.

    Rublev spelte sin første finale på Masters 1000-nivå. Tsitsipas har tapt to slike tidlegare, men han vant ATP-tourfinalen i 2019.

    Monaco Monte Carlo Tennis Masters
    Foto: Jean-francois Badias / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal