Det er Molde sjølv som melder at Toivo har signert.
Den finske landslagsstopparen har signert ein fireårskontrakt med Molde.
25-åringen har tidlegare spelt for Klubi 04 i Finland og nederlandske AZ Alkmaar – der han vidare blei lånt ut til Telstar i same land.
Mellom 2010 og 2012 spelte han i Djurgården, før han i dag onsdag altså signerte for dobbelt regjerande seriemeister Molde.
Måtte sjå til utlandet
Toivio har i alt 18 landskampar for Finland og 10 for Finland sitt U21-lag.
Tarje Nordstrand Jacobsen, administrerande direktør i Molde, er klar på at Molde har sikra seg ein svært god midtstoppar.
– Vi har kjøpt ein landslagsspelar av internasjonal klasse. Vi kunne gjerne tenkt oss å kjøpe ein spelar frå ein norsk klubb, men prisane her i landet er på eit nivå som ikkje matchar våre vurderingar av kvaliteten.
Ifølgje Nordstrand Jacobsen har Molde difor leita meir i andre land, spesielt i Skandinavia.
Solskjær: – Internasjonal klasse
Toivio er tenkt som ein erstattar for Vegard Forren, som tidlegare i år gjekk til Southampton – der han har slite med lite speletid.
Molde-manager Ole Gunnar Solskjær er òg godt fornøgd med den nye spelaren.
– I Joona har vi signert ein midtstoppar av internasjonal klasse, både med og utan ball. Joona leiar ved eksempel og eg gler meg til å utvikle han vidare, seier Solskjær til Molde FK si nettside.