– Det var ein skuffande dag. Vi må reise oss igjen. Eg veit at gutane har karakter til å gjere det, seier Solskjær til Sky Sports.
– Ein trist kamp. Dei mangla alt, var den brutale dommen frå tidlegare United-manager José Mourinho, som var ekspert for Sky Sports under kampen.
Og det var ikkje noko meir støtte og hente frå tidlegare United-spelar og kaptein Roy Keane, som også var gjest hjå Sky Sports.
– Eg er sjokkert og lei meg over kor dårlege dei var. Det er ein lang veg tilbake for United. Det er skremmande å sjå kor langt ned dei har kome.
For det vart ein mørk dag for nordmannen og hans Manchester United i bortemøte mot West Ham i London søndag ettermiddag.
Andriy Yarmolenko kunne med full kontroll sende heimelaget i føringa like før pause. Nobel spelar til Felipe Anderson som igjen finn Yarmolenko som set ballen ned i det lengste hjørne.
84 minutt ut i omgangen er det Aaron Cresswell som sørgar for full fyr på stadion, då han set ballen i mål frå eit frispark rundt 30 meter frå mål.
– Eg er skuffa over at vi ikkje vann i dag, men bortsett frå det er eg positiv. Eg har sagt mange gonger det vil være høgdepunkt og nedturar. Vi har hatt nokon høgdepunkt undervegs, og i dag må vi berre akspetere at vi ikkje får poeng og ser fram til neste veke, sa Solskjær til BBC etter kampen.
Men om tap ikkje er nok for Solskjær. 15 minutt ut i andre omgangen må spiss Marcus Rashford forlate bana, etter det som ser ut som ein strekkskade.
Det er nok det siste Solskjær treng no. Frå før er Paul Pogba og Anthony Martial ute med skade. I tillegg måtte Mason Greenwood stå over kampen på søndag på grunn av sjukdom.
Dermed har ikkje Solskjær fleire å velje mellom på topp.
– Det var lysken hans. Eg veit ikkje kor alvorleg det er. Forhåpentlegvis får vi Mason Greenwood tilbake, og Anthony Martial er også rett rundt hjørnet. Det var berre uheldig at det skjedde i dag, då ingen av dei var tilgjengelege, sa Solskjær til Sky Sports etter kampen.
Ikkje vunne sidan februar
For det var ein hardt pressa Solskjær som entra London Stadium i den britiske hovudstaden søndag. Etter ein overbevisande 4–0 siger i sesongopninga mot Chelsea, har pilene for det meste peika i feil retning for nordmannen og hans mannskap.
Rett nok fekk Solskjær eit lite pusterom etter at dei sist helg sende formsterke Leicester heim med 0–1 i bagasjen.
På bortebane har det derimot utvikla seg eit mareritt for nordmannen. Før møte med London-klubben søndag, må vi tilbake til 27 februar sist laget tok ein bortesiger i Premier League.
Manchester United stod bokført med to sigrar, to uavgjort og eit tap før møte med West Ham. I fjorårets oppgjer slo West Ham United 3–1 på heimebane.
Etter tapet søndag står klubben med åtte poeng på seks kampar og ligg på 7.-plass i Premier League. Sju poeng bak serieleiar Liverpool.
Det er ein av dei svakaste sesongopningane for klubben.