To danskar på «norskeflyet» koronasmitta
To nye personar som var på flyet fleire norske OL-utøvarar reiste til OL med, har testa positivt på koronaviruset. Begge er danske utøvarar.
Presseansvarleg i Danmarks olympiske komité opplyser om smitten i ei pressemelding onsdag morgon, skriv Dagbladet.
– Vi er glade for at vi no har alle dei 62 danske utøvarane våre på plass i Beijing, men det er naturlegvis ein strek i rekninga at to mannlege ishockeyspelarar har testa positivt då dei kom fram, seier sjefen for den danske OL-troppen Mikkel Sansone Øhrgaard.
Ishockeyspillerne Matthias Asperud og Nick Olesen er smitta, og begge er sette i isolasjon.
Med på same fly var mellom anna det norske langrennslandslaget, skiskyttarlandslaget og hopplandslaget, men dei skal ha sete langt unna danskane på flyet.
– Ingen norske utøvarar er påverka av dette, seier langrennssjef Espen Bjervig til Dagbladet.
Tysdag vart det påvist smitte blant to personar i det norske støtteapparatet og to svenskar på same fly. Dei to nordmennene har nyleg vore koronasmitta, men testa negativt på Gardermoen før avreise.