– Eg ville gjerne gjere eit raskt første heat, det vil hjelpe meg til å prestere betre også i semifinalen, seier Isabelle Pedersen til NRK rett etter sitt forsøksheat på 60 meter hekk i innandørs-VM i friidrett i Birmingham.
Ho vann det andre heatet med tida 7,93, som er tangering av hennar personlege rekord og personleg årsbeste.
Dermed gjekk ho vidare til semifinalen med god margin. Det gjorde dei tre neste på lista også.
– Er du blant dei to beste i heatet, får du betre heat også i semien, seier Pedersen. Både semifinalane og finalen går laurdag.
– Gøy i semifinale og finale
– Eg hadde lyst til å få til det vi har jobba mykje med. Når eg kjem ut, håpar eg at trenaren seier at det gjekk bra, seier Isabelle Pedersen.
– Kva er ditt eige inntrykk?
– Det var godt å kome gjennom heatet og så at det stod «equal PB» på tavla, seier ho. Det betyr tangering av persen. – Då kan det bli gøy både i semifinalen og finalen.
Pedersens tid var den nest beste i kvalifiseringa. Men ho var langt bak storfavoritt Kendra Harrison frå USA som noterte seg for 7,77.
– Det skal bety finale. No er det berre å senke skuldrene og puste djupt.
Pedersen måtte vente heile dagen på å kome i gang med sitt VM. Men det gjer ingenting.
– Dette kjem til å gå bra. Eg er ikkje stressa.
Fjerdeplass på Okparaebo
Den andre norske deltakaren i aksjon i kveld var Ezinne Okpraebo på 60 meter flatt. Ho kom greit gjennom forsøket i formiddag, men fjerdeplassen i semifinalen var ikkje godt nok til finale. To små hundredeler skilde opp til andreplassen som hadde gitt avansement – 7,19 mot 7,17.
Men ho var ikkje nedtrykt etter løpet.
– Det er små marginar. Det er kjipt, men eg skal ikkje deppe, seier Okparaebo, som har stått utanfor landslaget og satsa på eiga hand.
– Det har vore tøft. Men no har eg fått vist kva som bur i meg, seier ho.
– No er det berre å sjå framover til EM i sommar, seier Ezinne Okparaebo, som fyller 30 år i morgon.
– Kanskje blir det ein middag, men det blir inga stor feiring, iallfall ikkje før eg kjem heim.