Fristen for arrangørbyar til å levere VM-søknad var 25. juli. NRK snakka med presidenten i det internasjonale sjakkforbundet (FIDE) Arkadij Dvorkovitsj i juni, og då hevda presidenten at fleire byar var interesserte.
– Vi bruker maks ein månad på å bestemme oss for kven som blir vertsby, sa Dvorkovitsj til NRK 5. juni.
No er det snart tre månader sidan fristen, men framleis står VM i 2020 utan arrangør.
FIDE-PRESIDENT: Russiske Arkadij Dvorkovitsj vart valt som FIDE-president i oktober 2018.
Foto: Erik Waage / NRKStavanger og Wien trekte seg
FIDE har vore i dialog med fleire byar om å arrangere VM. Stavanger peika seg lenge ut som den sterkaste kandidaten, og vart hylla av Dvorkovitsj då han var på besøk i byen under Norway Chess i juni.
Under éin månad seinare trekte Stavanger VM-søknaden, og då stod FIDE på berr bakke.
Då hadde russaren allereie fått nei av ein annan by.
SA NEI: Wien var langt på veg i søkearbeidet, men valde å droppe søknaden tidlegare i år.
Foto: Herwig Prammer / ReutersAllereie i 2018 vart det klart at Wien var interessert. Det austerrikske sjakkforbundet fyller 100 år i 2020, og ønskte å feire med VM-kamp. Representantar frå både FIDE og Agon (firmaet som tidlegare har arrangert VM-kampane på oppdrag frå FIDE) var i byen for å sjekke fasilitetane. Signala var såpass gode at Austerrikes sjakkforbund fekk på plass ein statsgaranti for ein tredel av kostnadene.
Sidan den gongen er Agon vraka som VM-arrangør, og FIDE har fått heilt ny toppleiing. Dermed har òg Wien-forholdet vorte kjølig.
– Det nye styret valde å stoppe prosessen, og bryte kontrakten med Agon for å starte ein ny bodrunde med frist i juli. Det gjorde det umogleg for oss å halde fram, skriv generalsekretær i det austerrikske sjakkforbundet, Walter Kastner, i ein e-post til NRK.
Vrakinga av Agon skjedde etter krav om transparente prosessar og opne bodrunder, som mellom anna var eit krav frå Stavanger for å søke for VM. FIDE sjølv var svært positive til VM i Noreg, og endra dermed vilkåra for å arrangere VM.
– Nærast umogleg
– Det store problemet er at FIDE forventar at vi tek ansvaret som arrangør og tek heile den økonomiske risikoen. Det er nærast umogleg å hente inn så mykje pengar på eit par månadar, skriv Kastner vidare.
– Var kontraktsbrotet mellom Agon og FIDE ein «game changer» for dykk?
– Ja, det gjorde det umogleg for oss å legge inn eit bod. Vi trong ein partnar som dei for å klare det.
Fleire byar har vore nemnde som mogleg VM-arrangør. Chessbase trekte fram Monaco og St. Louis som andre moglege byar. Sistnemnde er Fabiano Caruanas «heimebane», og hadde truleg vore meir interessant dersom han hadde vunne VM-kampen i fjor.
Monaco stadfestar til NRK at det er uaktuelt for dei å arrangere VM i 2020.
– Vi har aldri vore interesserte i å arrangere denne kampen, seier president i Monacos Sjakkforbund, Jean Michel Rapaire, til NRK.
LONDON: Slik så inngangen til sjakk-VM ut i 2018, då det var i London. Magnus Carlsen har òg spelt i New York (2016), Sotsji (2014) og Chennai (2013).
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixUtsette fristen etter Stavanger-nei
Å arrangere VM-kampen kostar mellom 50 og 60 millionar kroner, og eventuelle arrangørar må derfor jobbe knallhardt med eventuelle sponsorar for å få VM.
– Akkurat no er det tre byar som er interesserte i å arrangere, og vi forventar å få inn to bod dei neste dagane. Ein tredje by kjem kanskje ikkje gjennom, men vil bli vurdert mot 2022, seier David Llada, kommunikasjonssjef i FIDE, til NRK.
Han vedgår at Stavangers nei til VM har utsett avgjerda.
– Stavanger såg ut til å vere ein klar kandidat, og det gjorde at potensielle byar heldt seg unna. Då dei sa nei, blomstra interessa opp i andre byar, som spurde om ekstra tid. Derfor er søknadsfristen utvida, og vi vil annonsere avgjerda 1. november, seier Llada.