For to veker sidan kom beskjeden heile friidretts-Noreg frykta. Andreas Thorkildsens skadeproblemer var så alvorlege at spydkastaren ikkje ville halde fram karrieren.
Thorkildsen meldte det sjølv på instagram, men har ikkje kommentert avgjerda utanom det, før på dagens pressekonferanse på Ullevaal.
Bestemte seg under økta
– Eg begynte å auke intensisteten på kastinga, men kvar gong eg auka fekk eg meir og meir kjenning på skaden. Da kjente eg at det ikkje gjekk i riktig retning, det var litt for likt det eg var gjennom i fjor. Det var ikkje vits å halte gjennom ein ny sesong.
9.mai trente han sin siste økt som aktiv toppidrettsutøvar.
– Det var midt inne i kastøkta eg bestemte meg. Eg har det siste kastet på video. På den økta kjente eg at det her går ikkje, da var det berre å setje streken og tenkje på noko nytt.
– Kva tenkte du?
– Eg tenkte vel at nå kan eg ikkje meir. Det stod ikkje på viljen. Prosessen mot beslutninga var over lengre tid. Når øktene blei tyngre og belatsninga større, kjente eg at det ikkje var som det skulle og tenkte fader det her går kanskje ikkje, fortel Thorkildsen.
Høgdepunkta har vore mange.
– Det har vore veldig mykje moro, frå nest siste plass i VM i Edmonton i 2001 som eg vil seie er den største skuffinga, til Beijing-Ol som nok er det største høgdepunktet. Det har vore gøy, slår Thorkildsen fast.
Blir TV-ekspert
34-åringen skal nå for fyrste gong ut i arbeidslivet.
– Nå skal eg ha min fyrste sommarjobb. Eg blir friidrettsekspert for TV2 under Rio-OL. Det blir ein stor overgang, men eg gler meg veldig, seier Thorkildsen.
– Korleis trur du at du vil bli hugsa?
– Forhåpentlegvis positivt. Som ein bra konkurransemann. Enkelt og greitt.
– Kva var ditt beste kast?
– Det må vere det i Beijing, den olympiske rekorden. Eg trur det kastet hadde hatt potensialet til å gå lengst viss vêr og vind hadde vore optimalt. Hadde det vore ein plass med gode vindforhold kunne det vore nærmare 95 meter, seier Thorkildsen.
Den personlege rekorden vil nå står for alltid på 91,59 og er frå Bislett i 2006.
Ein trist dag
Generealsekretær Kjetil Hildeskor synest det er ein trist dag.
– Det er ein trist dag for friidretten i Noreg. Han er vår mestvinnande utøvar, og har oppnådd alt han kunne oppleve som utøvar. Takk for mange gode opplevingar, seier Hildeskor.
Sportssjef, Ronny Nilsen fylgjer opp.
– Andreas har vore ein ekstremt viktig mann for friidretten i Norge.
Det same gjer trenar Åsmund Martinsen.
– Det har vore kjempegøy, i dag er eg lei meg og trist. Men sånn blei det nå. Dessverre, seier Martinsen.
Andreas Thorkildsen endte opp med ei fantastisk karriere med to OL-gull, eitt VM-gull og eitt EM-gull.