– Eg er litt sjokkert, seier Alstad til NRK etter 35-33-triumfen over Romania.
Alstads akillessene røyk like etter storspel i EM i fjor. Ho brukte lang tid på å komme tilbake.
I går gjorde VM-reserven eit superinnhopp då Romania såg ut til å vinne semifinalen mot Norge.
– Heilt utruleg lang kamp. Eg følte allereie etter 15 minutt at eg hadde spelt dobbelt så lenge. Men det var mykje fram og tilbake med tøffe taklingar og drama.
Gjekk under keeperens radar
Norge hadde bomma på tre straffar då trønderjenta fekk sjansen. Alstad sette to av to straffar, og var heilt avgjørande for å sikre Norge finaleplass
– Eg tenkte på det min gamle, gode trenar Geir Oustorp sa: «Ikkje tenk, bare skyt, Ida». Eg tenkte ikkje mykje, bare at dei skulle i mål.
– Så følte eg meg trygg på at keeperen ikkje kjente meg så godt i og med at eg ikkje
har skutt straffar tidlegare i VM, seier Alstad.
Dette sa ho for å piske lagvenninnene
30-åringen ga også klar beskjed til venninnene då ho kom inn i forsvar for ei utvist Mari Molid.
– Då eg kom inn prøvde eg å få alle til å vere tøffe i trynet. Vi måtte vise kven som regjerte i forsvar, seier Alstad.
Gamletrenar og noverande handballekspert i NRK, Geir Oustorp, meiner Alstad var avgjørande i forsvar.
– Ho er ei av dei mest rutinerte spelarane. Heldigvis henta Thorir ho inn i løpet av VM. Ho gjør ein veldig god jobb i forsvar. Når ho skyt dei to straffane viser ho seg kjølig og bidrar sterkt til at Norge skal vinne.
– Hadde lite tru på at det skulle skje
Alstads hektiske og tøffe år ser ut til å få ein veldig bra slutt.
– Det har vore mykje opp og ned og fram og tilbake. Oppturar og nedturar. Flytting, ny klubb, comeback med tilbakefall, juleferie, så plutseleg VM og moro. Det har skjedd mykje i år.
– Det var overraskande å bli tatt ut. Eg hadde lite tru på at det skulle skje.
No ventar Nederland i finalen.
– Dei har sjølvtillit. Dei har i mange år hatt klassespelarar, men aldri fått det til. No har dei gått heile vegen til finalen. Det blir tøft, seier Alstad.