– Det var eit knusande nederlag.
– Heilt forferdeleg.
– Nei då, spøkjer Henrik Christiansen.
VM-sølvvinnaren snakkar om tapet for 19 år gamle Jon Jøntvedt, som gjorde seg merka med 17 NM-medaljar og kongepokalen i juli – ein pokal som har tilhøyrt Christiansen sidan 2015.
– Det er på tide for meg å tre litt ned i ein hjelperyttar-posisjon, det er godt å sjå at vi har ein ny samanlagtvinnar på veg opp, seier Christiansen, med glimt i auget.
KOMPISAR OG KONKURRENTAR: Henrik Christiansen har vore Noregs beste i symjing. No blir han utfordra av Jon Jøntvedt.
I fleire år har 25-åringen trona på symjetoppen i Noreg, med VM-sølv og tre EM-sølv i bagasjen.
Men i starten av juli var det ein ung og ukjend symjar frå Jæren, som stal både overskriftene og kongepokalen frå Christiansen.
12 gull, 2 sølv og 3 bronse – vart fasiten for Jøntvedt etter NM-helga.






STOR FANGST: Jøntvedts medaljer fra NM.
– Det er sjølvsagt kjekt. Eg forventa eigentleg å symje på dei tidene som eg gjorde, men det er litt spesielt når du faktisk vinn i tillegg, seier Jon Jøntvedt til NRK.
Jærske Haaland-verdiar
Det er ingen tvil om at Erling Braut Haaland har sett Bryne på verdskartet. Når symjetalentet frå Bryne symjeklubb får spørsmål om superstjerna må han le, men innrømmer etter kvart at det er likskapar mellom dei.
– Eg trur begge er vinnarskallar, ikkje er redd for å seie det vi meiner og ønskjer å bli så bra som mogleg, seier Jøntvedt og held fram:
– Eg trur det er ein typisk jærsk verdi. Å vere litt, skal ikkje seie overlegen, men i alle fall ikkje redd for å seie det ein meiner. Ein må vere sjølvsikker i alle fall.
VERDSSTJERNE: Erling Braut Haaland.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBOg det er ikkje noko tvil om at Jøntvedt er ambisiøs og har høge mål – i god jærsk ånd.
– Eg har jo veldig lyst til å nå toppen og bli ein av dei beste i verda. Du må overtyde deg sjølv, før du kan overtyde andre.
Om få dagar står 19-åringen klar til å kjempe mot dei beste i Europa. Målet under EM har han ingen problem med å dele.
– Eg er ikkje redd for å seie at det hadde vore skikkeleg kult å komme seg til ein EM-finale. Det er viktig å ha høge mål og ambisjonar for å faktisk tenkje at du har moglegheita til å klare det, seier Jøntvedt.
– Ekstreme eigenskapar
Gullet på 400 meter fri i Noreg tilhøyrer no Jøntvedt, som vann med over to sekund føre Henrik Christiansen.
– Han er ei ny stjerne, seier Gard Kvale, tidlegare landslagssymjar i langdistanse.
Kvale meiner Jøntvedt frå tidleg alder skilde seg ut som idrettsutøvar, og viste treningsvilje og evner til å komme langt.
– Han har nokre ekstreme eigenskapar når det gjeld trening. Han er klart ein av dei beste gjennom noregshistoria til å trene, seier Kvale.
HYLLES: Jon Jøntvedt, her da NRK møtte han på Frognerbadet i Oslo.
Foto: Ksenia Novikova / NRKSom 14-åring kom Jøntvedt inn på juniorlandslaget. To år seinare tok han steget opp på seniorlandslaget, der har han utvikla ferdigheitene sine ytterlegare.
– Eg har ganske bra beinspark og undervasskick. Det hjelper sjølvsagt, men du må ha meir enn det. Eg har trena veldig mykje så eg er ganske uthaldande, og det ser vi på dei lengre øvingane, seier Jøntvedt.
Landslagssjef Petter Løvberg, meiner han har «uredde haldningar», som kom fram i konkurransen mot Henrik Christiansen.
– Berre det at han utfordrar Henrik no og tek kongepokalen frå han, viser kva som bur i han. Jon er uredd og har absolutt trua på seg sjølv, seier Løvberg.
EM i symjing blir arrangert i Roma frå 11. til 21. august. Sjå alle øvingane på NRK og NRK TV.