Fredag gjekk han seg truleg inn i VM-troppen med ein sjetteplass i IBU-cupen. Hans første harde løp på fem månader.
– Eg går på viljen fordi eg har lyst til å kome raskast mogleg tilbake. Eg piner meg gjennom dette, og det er heilt forferdeleg. Men eg berre koblar ut hjernen, og set på turboen, seier Bø som fekk to strafferunder på sprinten i slovakiske Osrblie. Det blei éin bom på kvar skyting.
Høg puls
Lagkompis Fredrik Gjesbakk ble nummer to bak russaren Aleksej Volkov. Gjesbakk var 21 sekund føre Bø etter feilfri jobb på standplass. Laurdag er det jaktstart.
Sesongen til Bø har vore prega av sjukdom, men etter sprinten var han fornøgd med farten i sporet etter gnistrande sisterunde.
– Det gjekk betre enn forventa i løypa, og eg fekk ut det eg hadde. Løpsopplegget var veldig bra, men to bom er ikkje godt nok.
– Eg har ikkje skote med så høg puls på fem månader. Men dei viktigaste svara leita eg etter i løypa, seier den sjukdomsplaga stryningen.
– Føler du at den siste VM-plassen er din?
– Ja, det gjer eg absolutt. Men eg har ikkje lyst til å vere i VM og ligge på senga. Eg har lyst til å vere blant dei fire som går løpa, seier Bø.
Stryningen meiner han har meir å gå på i sporet.
– Eg skal gå 45 sekund fortare i VM. Eg må halde igjen dei to første rundane, så eg har meir å gå på, lovar 28-åringen.
VM i Hochfilzen byrjar med mixed-stafett 9. februar.
Landslagsleiinga har understreka at det ikkje blir aktuelt å sende Bø til Hochfilzen dersom han ikkje har vist form i rennsamanheng i forkant.