Hopp til innhold

Tårevåt superstjerne opnar opp om skadetrøbbelet: Sleit med å gå vanleg

Den nederlandske superstjerna Jutta Leerdam har hatt skadetrøbbel store deler av sesongen. Laurdag tok ho VM-bronse, men det kjendest framleis som eit nederlag.

Jutta Leerdam

SKUFFA: Jutta Leerdam var tydeleg skuffa etter bronse på 1000 meter. Nå ser ho fram mot sprint-VM. 

Foto: Helge Tvedten / NRK

Ho er skøyteverdas store superstjerne. På Instagram har ho 4,3 millionar følgjarar, og premieskapet er stappfullt av medaljar.

Denne sesongen har vore trøblete for nederlandske Jutta Leerdam. Men trass motgangen i vinter, var ikkje bronse på 1000-meteren i VM i Calgary noko ho sette særleg pris på.

– Eg føretrekkjer gull, seier ho til NRK.

I minutta etter løpet sat Leerdam på ein benk på indre bane og snakka med trenarane. Der var ho tydeleg lei seg og i tårer.

– Eg øydela det berre for meg sjølv på den siste runden. Då kunne eg ikkje akseptere at eg ikkje vann. Det høyrest kanskje veldig rart ut, men eg jobbar så hardt og eg kjente meg supergod under løpet og eg berre øydela det sjølv, seier ho.

– Presset er stort. Ho handterte det veldig, veldig bra i fjor. I år vart mora hennar sjuk. Veldig sjuk. Eg trur det vart litt for mykje for henne. Alt i alt så var det litt mykje vekt på skuldrene hennar. Når du har et så stort namn, så er presset større, seier trener Jac Orie.

Jac Orie sitter i en skøytehall. har på seg oransje og blå jakke og tar seg på de svarte brillene.

TRENER: Jac Orie.

Foto: Helge Tvedten / NRK

Sleit med å gå vanleg

Leerdam tok EM-gull på 1000 meter tidlegare i år og vann også to av 1000-meterane i verdscupen denne sesongen.

Dei fleste ville kalla det ein god sesong, men Leerdam var den suverene einaren på distansen i 2022/23-sesongen.

Då vann ho alle dei 13 løpa ho stilte opp i på 1000 meter, mellom anna fem verdscupsigrar, VM-gull og begge gongene distansen blei gått under sprint-EM. I fleire av tilfella, som VM, vann ho med godt over eitt sekund.

Jutta Leerdam

STOR STJERNE: Leerdam har dei siste åra blitt ei superstjerne både på og utanfor isen. 

Foto: NTB

Denne sesongen har ein ankelskade hemma superstjerna, noko som mellom anna kom fram då ho vart nummer elleve på ein 1000-meter i Salt Lake City i januar.

– Korleis har dei siste vekene og månadene vore for deg med tanke på skaden?

– Veldig stressande. For når ein ikkje kjenner seg som seg sjølv, så er ikkje kroppen normal. Når kroppen er normal og ein vaknar opp og ikkje treng å bekymre seg for noko, så kan ein berre trene og bli betre og betre. No må eg tenke på dette heile tida, seier ho.

– Sjølv då eg skulle gå vanleg, så var det veldig stressande. Kvar einaste dag i veker og månader. Ja, eg er glad for at vi har litt betre kontroll på det no og vi veit korleis vi skal fikse det og forhåpentleg halde det bra for eit par dagar. Eg er glad for at det var så mykje betre denne helga, men så ville eg veldig gjerne ha den gullmedaljen, smiler ho.

Peder Kongshaug jubler etter bronse på 1500 meter i VM Calgary

VM-bronse etter norsk sykdomsmareritt: – Begynner å tvile på sine egne ferdigheter

Tok pause frå media

Etter den nemnde verdscuprunden i Salt Lake City vart det også tårevått for Leerdam.

– Eg tenkte: Dette er det siste løpet eg gjer denne sesongen. Eg nyt det ikkje lenger, sa ho til NOS den gong.

Ho sa da at ho berre klarte å gi rundt 60 prosent, men at ho vidare meinte ho kunne vinne viss ho kom seg opp i 70–80 prosent av eigen kapasitet.

Leerdam stod over verdscupavslutninga i Québec i starten av februar, og hadde blitt skjerma frå media fram til etter løpet på laurdag.

– Eg har ikkje noko imot å snakke med media i det heile. Men eg er veldig ærleg og seier alt eg tenker på. Som eit resultat av det bestemte lagleiinga at det var greitt at eg ikkje snakka om det, seier Leerdam ifølge schaatsen.nl etter løpet laurdag.

Får revansjemoglegheit i mars

Nå rettar Leerdam fokuset mot sprint-VM i Inzell i mars.

– Vi må gå for sprint-VM i Inzell. Vi har lagt ein plan, og eg trur ho kjem til å vere ganske god der borte, seier trenar Orie, og held fram:

– Eg trur det blir betre, for dei siste vekene var mykje betre. Det er taktikken vi har, og det er det vi kan gjere. Å bygge på stabiliteten. Så fort venstrefoten er meir stabil, så vil ho bli veldig god der borte, seier han.

Leerdam sjølv ser også positivt på vegen fram til VM-start 7. mars.

– Eg fekk definitivt meir sjølvtillit med dette (bronsen), men eg ville elska å vise enda meir i dag (laurdag) på sisterunden. Men eg gjorde ikkje det, så eg må berre akseptere det. Men til slutt så er eg berre glad for at eg viste litt meir av meg sjølv.

null
Spiller nå
Sjekk Ruuds sommerskille: – Noe av det raffeste jeg har sett 00:21
Neste

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal