– Vi reknar med mellom to og fire millionar i tap på manglande arrangementsinntekter for kvar einaste heimekamp med avgrensingar, seier dagleg leiar Vibeke Johannesen i Brann.
– Vi går nok to-tre millionar i tap per kamp. Så kan du gonge med 15 heimekampar og sjølv rekne ut kor mykje det kan bli i sesongen, seier Tove Moe Dyrhaug i Rosenborg.
– Det kan koste oss opp til 7,5 millionar, seier Erik Espeseth i Vålerenga.
– Det er rett og slett sørgjeleg, seier økonomimedarbeidar Per Fjeld-Olsen i Mjøndalen.
Kampane kjem tett i eliteserien for menn etter at fotballen fekk kome i gang igjen i midten av juni. Det kjem dei til å gjere også i 1. divisjon, som nyleg har starta sin sesong.
Dei får lov til å selje berre 200 billettar til kvar kamp. Det betyr minimalt med inntekter. Signal frå regjeringa og helsedirektøren fortel at det blir tilfellet iallfall inntil 1. september.
Det vli hjelpe noko når tiltaka i den siste krisepakken blir effektive, men det skjer neppe før i august. Fram til då er det likviditeten i klubbane som blir pressa.
Samla budsjett på ein halv milliard
Dei 32 klubbane i dei to øvste divisjonane for menn har totalt budsjettert med rundt 300 millionar i reine billettinntekter for 2020-sesongen. I tillegg kjem budsjett på ca. 200 millionar i forretningsavtaler, opplyser økonomisjef Rune Riberg i Norsk Toppfotball.
– Dei taper ikkje alt dette. Men det kan bli ei vanskeleg tid.
Då Noreg stengde 12. mars, blei det også full stopp i sponsor- og andre forretningsavtaler. Fleire klubbar kan derfor slite med likviditeten.
– Stenginga kom i ein periode då klubbane skulle selje produkt og tenester til næringslivet. Det blei det brått slutt på, dermed at vi med mykje vi ikkje fekk selt, seier Vibeke Johannesen i Brann, som hadde budsjettert med 61 millionar kroner på bedriftsavtaler.
Men ho rosar også supporterane med sesongkort.
– Vi hadde selt 5000 sesongkort før koronaen stoppa alt, og dei aller fleste kjøparane har gitt uttrykk for at dei ikkje vil krevje pengane tilbake, sjølv om dei kanskje ikkje får sjå ein einaste kamp frå tribuneplass.
– Krisa gjer banda mellom klubb og supporter tettare
Det kan talsmann for Norsk Supporterallianse, Gjert Moldestad, stadfeste. Hans inntrykk er at nesten ingen vil krevje pengar tilbake. I tillegg myldrar det av historier om supporterar som har stilt opp på ulikt vis for klubbane sine.
– Mitt inntrykk er at dei nærmast ventar på ein sjanse til å hjelpe klubben i ei vanskeleg tid. For ein supporter er det klubben som er det viktige, det er den du har i hjartet.
– Min påstand er også at når korona-restriksjonane ein gong er over, er banda mellom klubb og supporter blitt endå tettare, meiner Moldestad.
Vålerenga har ikkje rekna på tap per kamp.
– Om vi går ut frå at kampkostnadene er som vanleg, reknar eg med at vi taper 2 til 2,5 millionar på sesongkort og 4,5 til 5 millionar i enkeltbillettar, seier Erik Espeseth. Vålerenga har budsjettert med 12–13 millionar i billettinntekter og rundt 40 i bedriftsmarknaden.
– Vi har enno ikkje teke inn igjen alle som har vore permitterte, seier han.
Mjøndalen har eliteseriens minste budsjett, men merkar sjølvsagt likevel konsekvensane av at publikumsinntektene er borte. Klubben var raskt ute med permitteringar.
– Men no må vi sjølvsagt handtere alle dei løpande kostnadene, seier Per Fjeld-Olsen.
Rune Riberg gir også klubbane ros for at dei også har vore flinke til å redusere utgiftene.
– Mange har – heilt legitimt – gått til permitteringar for å lette på økonomien. Og der den første krisepakken frå regjeringa bomma, blei det vesentleg betre med pakken i det reviderte nasjonalbudsjett 19. juni, seier han.
Krisemidlar først i august
Men det vil ta tid. Ordninga – eller innretninga, som det heiter på politikarspråket – må gjennom både Stortinget og Lotteritilsynet. Først då kan dei få dekning av 70 prosent av tapte billettinntekter.
– Så vidt eg forstår, kan det vare fram til ut i august før dei midlane blir tilgjengelege, seier Fjeld-Olsen.
Mjøndalen vil klare seg gjennom den perioden. Dei har nok oppsparte midlar.
– Vi har ein sunn økonomi. Men vi må ta av sparepengar som vi helst skulle har brukt til andre ting, og det er ikkje noko vi likar, seier Fjeld-Olsen.
Når regjeringa skal vurdere dagens restriksjonar 1. september, har eliteserien spela 16 av sine 30 serierundar. 1. divisjon har unnagjort 13.
– Trur du klubbane får fylle tribunane før sesongen er slutt?
– Nei, men det kan kanskje bli litt romslegare restriksjonar slik at det iallfall kan kome fleire enn dei 200 som er lov i dag, seier Rune Riberg.
Erik Espeseth er hakket meir optimistisk.
– Vi håpar på tilnærma fritt billettsal til dei aller siste kampane.
Forstår regjeringas dilemma
Både NTF og Fotballforbundet er i kontinuerleg kontakt med regjering og helsestyresmakter for å finne løysingar for å ta inn meir publikum.
– Men vi forstår regjeringa sitt dilemma. Om vi får lov til å ha meir publikum, vil også andre grupper, som til dømes konsertarrangørar, presse endå meir på for å få lov til det same, seier Riberg.
Klubbane er no i ferd med å fullføre rekneskapane for første halvår. Desse skal innrapporterast til NFF seinast 1. september.
– Først då får vi full oversikt, seier Rune Riberg.