– Det er utruleg. Eg er ein del av generasjonen som voks opp med å sjå Ole Einar på TV. Det er stort å vere likt med barndomshelten min. Han motiverte meg til å bli god då eg var ung, seier Fourcade til NRK.
På jaktstarten under prøve-OL i Pyeongchang gjekk franskmannen ut som nummer tre, men hadde ingen problem med å ta igjen austerrikarane som låg på plassane framfor.
28-åringen kunne juble for sin 12. siger for sesongen. Bare Ole Einar Bjørndalen har klart ei like utruleg rekke med sigrar i løpet av ein sesong.
Rekorden tok han i 2005. No må nordmannen dele plasseringa på toppen med ein franskmann, som sleit med å gire seg opp til å komme likt.
– Då eg kom til Sør-Korea var eg veldig sliten. Eg var tom for motivasjon. Men då eg kom til treninga her såg eg Ole Einar Bjørndalen på 43 år, som testa ski til OL neste år. Eg tenkte «wow!».
– For ein mann. At han har så mykje motivasjon etter så mange år er utruleg, seier Fourcade.
Ein utøvar har fleire enn Fourcade og Bjørndalen
Fourcade er no to sigrar unna å tangere tidenes mestvinnande skiskyttar i ein sesong, som er svenske Magdalena Forsberg.
I 2000/2001-sesongen tok ho heile 14 sigrar.
Med fleire individuelle renn igjen av sesongen er sjansen tilstades for at Fourcade passerer Forsbergs 14 triumfar, men sjølv er franskmannen usikker på kor mykje han vil konkurrere.
28-åringen, som snart blir far for andre gang, veit ikkje om han kjem til verdscupavslutninga i Holmenkollen, der det er tre renn på programmet.
– Det er vanskeleg for meg. Eg vil vere med på fødselen, men ønskar også å ta imot verdscup-trofea i Holmenkollen sidan eg respekterer konkurrentane mine og laget mitt som har jobba hardt for at eg skulle klare dette. Det blir nok den vanskelegaste avgjerda i livet mitt, seier Fourcade.
Fem sjansar igjen dersom han går alt
I VM klaffa det ikkje heilt for franskmannen, som bare fekk med seg eitt individuelt gull.
Får han tilbake flyten han hadde i starten av sesongen, har han fem gode sjansar til å tangere og passere Magdalena Forsberg.
Foreløpig kan han juble for å ha vunne seks av sju jaktstartar.
– Ein heilt utruleg statistikk. Fourcade lar seg ikkje stoppe, seier NRKs kommentator Andreas Stabrun Smith.
For han andre som har vunne 12 gangar i løpet av ein sesong, Ole Einar Bjørndalen, gjekk det dårleg på jaktstarten. Bjørndalen enda som nummer 19. etter tre bom. To av dei kom på siste ståande.
Vetle Sjåstad Christiansen blei beste norske på ein 12.-plass med to bom. Henrik L'Abee-Lund gjekk seg opp frå ein 38.-plass til ein 17.-plass med fullt hus på fire skytingar.