– Det som har skjedd er ikkje bra. Prinsipielt meiner eg det bør vere strenge straffar for dette i sykkelsporten, seier president i Norges Cycleforbund, Harald Tidemann Hansen.
– Katjusja bør på prinsipielt grunnlag få strengaste straff, sjølv om det dessverre kan øydelegge for Kristoff, legg han til.
45 dagar er strengaste suspensjon dersom Eduard Vorganovs b-prøve er positiv. Alexander Kristoffs Katjusja-kollega testa positivt for stoffet Meldonium 14. januar i år. Det skjer eit knapt halvår etter at Luca Paolini testa positivt for kokain.
Det internasjonale sykkelforbundet (UCI) har uttala at svaret på Vorganovs b-prøve vil komme om kort tid, men Tidemann Hansen fryktar at det kan gå lang tid før det kjem ein potensiell lagsuspensjon, som i så fall betyr at Kristoff kan gå lenge i usikkerheit.
Ei straff, som ifølge regelverket skal vere på minst 15 dagar, kan komme på eit kritisk tidspunkt dersom saka drar ut.
– Det kan virke som at det er lite kapasitet til å avgjøre saker kjapt nok i UCI. Eg synst behandlinga av enkelte saker har tatt alt for lang tid før, seier Tidemann Hansen på telefon frå Lausanne i Sveits.
Sykkelpresidenten understrekar at han er svært lei seg på både Alexander Kristoff og Sven Erik Bystrøm sine vegne.
Kristoff vil ha straffa raskt
Kristoff, som sykla inn til femteplass i sesongstarten i Tour of Qatar måndag, håpar ei potensiell lag-straff vil komme raskt.
– Det er verre om det kjem midt i dei største klassikarane, men slutten av april passar fint. Då har jeg ikkje løp, seier 28-åringen til TV2.
Alexander Kristoff står fritt til å forlate laget ved suspensjon, men trenar Stein Ørn vil enno ikkje seie noko om kva den norske sykkelstjerna gjør dersom det blir straff.
– Dette blir ein tung periode på alle måtar. Det kjennest nesten som at ingen straff overgår det vi allereie har opplevd, slår Ørn fast.
– Har de ein plan B no?
– Vi veit ikkje når reaksjonen kjem eller kva reaksjonar som kjem, så det må vi komme tilbake til.
Foreslår ekstern kontroll
Trenaren fastslår at situasjonen bare vil bli verre jo lengre tid det går før det kjem ein reaksjon.
– Alle utsetjingar og alle forseinkingar vil vere ugunstige, seier han på telefon frå Stavanger.
President Tidemann Hansen meiner det også bør vere aktuelt å vurdere ekstern kontroll av lagets ryttarar.
– Vi har sett det har blitt gjort liknande med Astana, og det må også gjelde Katjusja. Dei må kanskje ha ein ekstern kontroll for å sørge for at alle ryttarar følger reglane i sporten, seier han.
Ørn fortel at Katjusja har jobba hardt internt for å forhindre dopingsaker.
– Alle ryttarar har gått med på at staben kan gjennomsøke bagasje dersom det er mistanke om doping. Det er eitt av tiltaka, men ein kan aldri garantere at enkeltryttarar held seg reine og ikkje opererer på eiga hand for eigen vinning eller for å skade laget, seier Ørn.