Tour de France-stjerne til storlag
Den australske sykkelstjerna Richie Porte og den klatresterke colombianaren Daniel Martínez har signert kontrakt med Team Ineos føre 2021-sesongen, melder laget i ei pressemelding.
Richie Porte har vore ein av sykkelsportens fremste samanlagtryttarar i ein årrekke. Nyleg vart han tredjemann i Tour de France.
Klare for laget er også belgiaren Laurens De Plus og Tom Pidcock. Frå før er det kjent at den sterke briten Adam Yates kjem inn i Ineos-stallen før neste sesong.