Hopp til innhold

Svindal trur Kristoffersen kan bli ståande utanfor landslaget

Aksel Lund Svindal er open om problemet i alpinleiren, og han trur ein Henrik Kristoffersen utanfor landslaget kan bli ei permanent løysing.

-Aksel Lund Svindal, Henrik Kristoffersen and Kjetil Jansrud

LAGKAMERATAR: Aksel Lund Svindal (t.v.) er kritisk til korleis skiforbundet har takla konflikten med Henrik Kristoffersen

Foto: GEORG HOCHMUTH / AFP

– Eg trur det er ein av mange moglege løysingar. Eller mange, det er kanskje ikkje mange, men eg trur det er ei løysing som kan fungere, absolutt, seier Aksel Lund Svindal til NRK.

Rett etter VM i Åre kom skiforbundet og Henrik Kristoffersen fram til ei løysing som går ut på at Noreg si beste slalåm- og storslalåmkøyrar ikkje skal trene saman med resten av landslaget.

Årsaka er konflikten som har oppstått mellom dei to partane. Avtroppande lagkaptein Aksel Lund Svindal ser at det er noko som ikkje har fungert.

– At det ikkje har fungert, det skjønner eg òg, det ser eg jo. Det er eit problem, for å seie det rett ut, seier Svindal.

Han utdjupar:

Henrik Kristoffersen

TEKNIKAR AV RANG: – Det som er faktum er at Henrik er kanskje den beste teknikken-køyraren Noreg har hatt nokon gong, og ein av dei beste i verda, seier Svindal.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– Då har det gått så langt at ein må setje seg ned og seie at «vi har nokre prinsipp som vi vil skal fungere». Ein treng ikkje vere redd for å seie at noko er vanskeleg. Og det er ei utfordring Henrik og skiforbundet er nøydde til å ta tak i, seier han.

Han presiserer at han kanskje ikkje kjenner konflikten i detalj. Fartslaget og laget for dei tekniske disiplinane er sjeldnare saman enn før. Frå samlingane i august og til sesongslutt er dei stort sett på kvar sin stad.

Men Svindal kjenner sjølvsagt til det meste av det som har skjedd.

– Heilt rå på godt og vondt

Henrik Kristoffersen har vore i konflikt med skiforbundet i lang tid. I vinter toppa det seg då trenar Stefan Kornberger trekte seg tvert på grunn av konflikten.

– Når ein trenar sluttar fordi slitasjen blir for stor eller fordi samarbeidet ikkje fungerer, går det ut over alle på laget, slår Svindal fast.

Etter VM i Åre blei det bestemt at Kristoffersen skal trene utanfor landslaget resten av sesongen.

Men Svindal vil ikkje gje uttrykk for sterke meiningar om måten forbundet har handtert konflikten på – konflikten med det han meiner er den beste tekniske køyraren Noreg har hatt, og ein av dei beste i verda.

– Han er heilt rå – på godt og vondt, kan du seie.

VM alpint 2019 Åre utfor

KRITISK: Aksel Lund Svindal avslutta sjølv ein gullkanta karriere i VM i Åre. Han er kritisk til skiforbundets handtering av konflikten med Henrik Kristoffersen

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Svindal meiner norsk alpinsport er i ferd med å skusle vekk ein god sjanse for dei andre på laget til å lære mest mogeleg av Kristoffersen.

– Henrik er ekstremt god når det gjeld å vere best i verda på ski, og der er det mange som har mykje å lære av han, seier Svindal.

Han meiner at sjølv om eit lag har sterke individ som vil vinne, går det an å balansere slik at det blir ein god lagkultur.

– Men det krev at individa har genuin tru på at dei har ein fordel å vere i gruppa. Skal du få noko, må du gi noko, seier Svindal.

Sportsnyheter

Alexis Mac Allister får behandling

Liverpool freser etter denne situasjonen: Lå blodig på gresset da motstanderen scoret

Liverpool-stjernene reagerte kraftig mot dommeren etter en blodig hodesmell. De får støtte av flere eksperter.

samling

Har blitt «ekspertar» på reising: Takkar Taylor Swift og strikketøyet

Denne gjengen reiser verda rundt nesten 250 dagar i året. For å vere i toppform når det gjeld har Ingrid Landmark Tandrevold og resten av gjengen fleire lure tips.

en mann med hjelm som klemmer en annen mann

Hushovd skaka etter norsk sykkelbragd: – Heilt ellevilt!

Uno-X er klare for det øvste nivået i sykkelsporten. Duellen mot franske Cofidis utvikla seg til å bli svært nervepirrande.

Siste nytt

  • Isak Frey toer i showrenn foran 18.000 tilskuere

    Isak Frey ble nummer to i et showrenn i skiskyting i München søndag foran 18.000 tilskuere. Eric Perrot fra Frankrike ble litt for sterk i finalen.

    Vebjørn Sørum og Sturla Holm Lægreid var øvrige nordmenn i mennenes finale. De ble henholdsvis nummer fire og sju.

    I kvinneklassen vant italienske Lisa Vittozzi foran svenskene Johanna Skotheim og Anna Magnusson.

    Karoline Knotten var eneste norske finalist og havnet på 6.-plass.

    (NTB)

    en mann med hjelm og hockeykølle
    Foto: Terje Pedersen / NTB
  • Feira framfor Vålerenga-fansen: "Uspiselig"

    Vålerengas Mathias Grundetjern var klar i talen då han prata med NRK etter 2-1-tapet mot HamKam, søndag.

    Ylldren Ibrahimaj skåra heimelaget sitt andre mål og jubla opp mot «Klanen».

    «Uspiselig» kallar Grundetjern det.

    I eit intervju med TV 2 før kampen, kalla Ibrahimaj også Vålerenga-fansen for «søpla».

    – Dei bua mot oss då me kom på oppvarming, på vår heimebane. At dei buar på oss, då må dei tole å få litt tilbake, seier Ibrahimaj til NRK.

    Grundetjern, som skåra Vålerenga sitt einaste mål, var ikkje fornøgd med korleis Ibrahimaj oppførte seg mot bortefansen.

    – Han er tidlegare LSK-spelar, så det seier jo sitt, seier Vålerenga-spissen.

    – Fotball er følelsar. Dei meine kva dei vil. Men når dei buar på oss på heimebane, då må dei tole å få tilbake, seier Ibrahimaj.

    en mann i hvit skjorte
    Foto: Geir Olsen / NTB
  • Innbytter berget KFUM-poeng mot KBK etter sekunder på banen

    Mame Mor Ndiaye ble løsningen da KFUM Oslo stanget lenge hjemme mot Kristiansund i Eliteserien. Han satte inn 1-1 og ordnet uavgjort i søndagens kamp.

    KFUM Oslo ligger på 7.-plass i Eliteserien med 34 poeng, mens KBK på 11.-plassen har 31.

    I neste serierunde har Kristiansund en viktig hjemmekamp mot HamKam, mens KFUM gjester Sarpsborg. (NTB)

    En gruppe fotballspillere på en bane
    Foto: Annika Byrde / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal