Hopp til innhold

Svensk supertalent skaper overskrifter – får Northug-ros

Som 16-åring har langrennsløpar Alvar Myhlback skrudd svenskanes forventningar i taket. Petter Northug trur han kan bli vrien å slå dei neste åra.

Petter Northug jr. og Sveriges Alvar Myhlback

SVENSKE-ROS: Tidlegare langrennskonge, Petter Northug, hadde for første gang noko positivt å si om ein svensk langrennsløpar.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg/Eskil Wie Furunes / NTB/NRK

16-åringen frå Sverige er tidlegare omtalt som «det største langrennstalentet i verda», og får Petter Northug til å komme med sjeldan svenske-ros.

– Det er eit bra talent som Sverige har her. Han kan bli ein juvel, seier Northug til NRK.

Frå å vere ein fast rival i dei store meisterskapa er Sverige meir som ein parentes å rekne på herresida i langrenn. VM i 2015 var sist landet tok ein individuell medalje i eit meisterskap.

Det kan Myhlback få ein slutt på. Ifølgje Expressen har han trena med det russiske landslaget, og parkerte Calle Halfvarsson på i ein løpstest i fjor. I januar stilte han opp på Orsa skimaraton og vann, men sidan han berre var 15 år vart han fråteken sigeren.

– Stor respekt

Då skjønte ein for alvor at Alvar Myhlback, som har budd fire år i Noreg, kunne bli den neste store.

– Det er kult. Eg kjenner ikkje på presset, det er kult at folk trur på meg, seier Myhlback til NRK.

16-åringen har i sommar konkurrert mot dei norske landslagsutøvarane på Blinkfestivalen, og måndag møtte han dei norske stjernene i rulleskisprinten på Trysil.

Eliteserien i fotball 2022: Aalesund - Rosenborg (0-0)

IMPONERT: Petter Northug, her avbilda i samband med Rosenborg-Aalesund sist søndag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Han verkar veldig solid, han har gått veldig solid på rulleskirenn. Eg snakka med Even Northug, og han sa at han gav han skikkeleg kamp på oppløpet, fortel Petter Northug.

Rosen frå sjølvaste Northug betyr mykje for svensken.

– Eg har stor respekt for han, seier Alvar Myhlback til NRK.

Stjernemøte med Northug

Til vinteren blir junior-VM det store målet. Han er ein del av det svenske langløpslaget Lager 157, og håpar også å bite frå seg i Ski Classics til vinteren.

Der vil han truleg måle krefter med Petter Northug, som også skal gå ein del Ski Classics-renn den komande sesongen.

Dei to møttest på rulleskisprinten i Trysil denne veka, der Pål Trøan Aune vann føre Even Northug og Petter Northug. Myhlback vart nummer seks.

Til vinteren blir forventningane skrudd opp.

– Eg håpar at eg kan levere til dei forventningane. Det er ikkje noko press eg kjenner, det er meir mål.

Og då får Northug kanskje nokre svenskestikk i retur.

– Det hadde vore kult å gi litt kommentarar til Petter viss eg hadde slått han, seier Myhlback.

Les også Fossesholm svarer etter Northug-kritikk: – Vi er vant til «dritprat»

Fossesholm Northug

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal