– Kva Petter og Petter seier skal eg ikkje leggje meg borti. Dei skal få seie akkurat det dei meiner. Eg kan jo skjønne det, innleier Fossesholm til NRK.
Petter Northug og Petter Skinstad gjekk nemleg hardt ut i VG mot den låge deltakinga frå kvinnelandslaget under Blinkfestivalen i Sandnes sist veke.
Beskjeden frå langrennslegenda etter at berre éin av elleve stilte til start på det 52 kilometer lange «Blink Classics»-løpet var klar:
– Vi må ha dei beste til å profilere langrenn på sommaren. Når vi har Blinkfestivalen, dei har lagt til rette, det blir sendt i beste sendetid, då må landslaget krevje at fleire løparar stiller på start. Det er for dårleg, sa Northug.
– Ville vore dumt
Helene Marie Fossesholm var blant utøvarane som ikkje var til stades. Ho skulle gjerne ha delteke, men har prioritert å få skikk på kroppen etter høgdebommen førre haust.
21-åringen har svært fornøgd med svara ho har fått frå treninga i juli, samtidig kjende ho seg ikkje klar for å «gi full pupp» på rulleski.
– Vi har kvar og ein av oss ulike grunnar til at vi ikkje stiller på alt. Eg hadde fire månader utan hardøkter frå midten av februar til midten av juni, og har teke det gradvis. Det å klinke til med full pupp på Blinken, vilje vore dumt for min del, seier 21-åringen.
Fem av elleve i troppen til kvinnelaget deltok på Blinkfestivalen, som til slutt vart til éin av elleve før Blink Classics.
Anne Kjersti Kalvå, Ane Appelkvist Stenseth, Anna Svendsen, Julie Myhre og Mathilde Myhrvold stod saman med Fossesholm over konkurransen i Sandnes. Heidi Weng gav seg etter første renn onsdag, etter å ha slite med ei hjerneristing.
– Vant til «dritprat»
– Kjenner du deg treft? spør NRK etter kritikken frå Northug og Skinstad.
– Eg elskar å konkurrere og det gjer heile gjengen. Er ein ikkje på «blinken» og toppidrettsveka, så er det alltid ein grunn for det. Eg skulle gjerne har vore der, men eg må ta steg for steg, svarer Fossesholm.
Det er ikkje første gong i år at dei norske langrennskvinnene får kritikk. Det er 46 år sidan Noreg hadde så få medaljevinnarar på kvinnesida som dei hadde i Kina. Fossesholm måtte bryte Tour de Ski før det siste rennet og hadde eit skuffande OL.
– Korleis reagerer de på negative oppslag. Blir de påverka?
– Nei, vi byrjar å bli vant til desse negative oppslaga. Vi får prøve å bite oss frå til vinteren, det er resultata som taler for seg.
– Vi er i ein underdog-posisjon, men det skal vi prøve å unytte. Vi er veldig motiverte. Vi er vant til litt «dritprat» om norsk damelangrenn. Det vil ingen ende ta, seier Fossesholm.
Føre kommande sesong har Sjur Ole Svarstad og Stig Rune Kveen komme inn som hoved- og assistentrener for damelaget.
– Det er to veldig bra trenere. Dei er verkeleg motiverte for å ta i og gjere oss betre. Eg trur det blir bra, seier Fossesholm.
PS! Helene Marie Fossesholm og resten av Noregs langrennselite på kvinnesida er venta til Toppidrettsveka i slutten av august.